Alt om Are

Det du treng å vite om meg og det eg har gjort:

Født 31/12 1969 på Stranda på Sunnmøre.

Bur i Oslo. 

Bøker: 

Samlingar:

Radio:

  • Radio Oslo: Humorinnslag (1990-1991)
  • NRK Møre og Romsdal: Sommarvikar (1991 og 1992)
  • RUSH, NRK P1: Humorinnslag (1991-1993)
  • Nattradioen, NRK P1: Programleiar (1992-1994)
  • Morgenkåseriet, NRK P2: Kåsør (1993-2012)
  • Nitimen og Reiseradioen, NRK P1: Kåsør/Humorinnslag (1994-1997)
  • Hallo i uken, NRK P2: Manusforfattar (1991-2009), programleiar (1994-2009) 

Det er utgitt følgjande CD-ar med høgdepunkt frå Hallo i uken (også nedlastbart):

Scene:

Som både forfattar og utøvar:

  • Tusen år og like blid Skodespelar, manusforfattar og manusredaktør (saman med Ragnar Hovland). Premiere Det Norske Teatret (Oslo) januar 1998. Grieghallen (Bergen) og Olavshallen (Trondheim) 1999.
  • 3 mot 1 er feigt Skodespelar, manusforfattar og manusredaktør. Premiere Sentrum Scene (Oslo) oktober 2001. Turné 2002 . Nominert til komiprisen: Beste forestilling.
  • Fortida er tilbake Saman med Espen Beranek Holm og Oslo Plektrum, bygd på stoff frå 3 mot 1 er feigt. Turné 2002-2003.
  • Det folk vil ha. Revy med danseband og diktator. Skodespelar, manusforfattar og manusredaktør. Premiere Det Norske Teatret (Oslo) september 2005. Nominert til komiprisen: Beste forestilling.
  • Pratagraf Perkusjon og pølsevev av og med Espen Beranek Holm, Are Kalvø og Batagraf (Jon Balke, Kenneth Ekornes, Helge Norbakken, Ingar Zach). Diverse liveopptredenar 2007-2010.
  • Are Kalvø oppsummerer... Årsoppsummerings-standup-forestillingar. Ricks (Bergen) desember 2008. Ricks (Bergen) og Latter (Oslo) desember 2009 og desember 2010.
  • Julelatter 2010 Standup-forestilling saman med Dagfinn Lyngbø, Anne-Kat. Hærland og Nils Ingar Aadne. Premiere Latter (Oslo) oktober 2010. Turné 2010-2011. Nominert til komiprisen: Beste standup, beste nummer. Vinnar komiprisen: Beste standup (Dagfinn Lyngbø), Årets gjennombrudd (Nils Ingar Aadne).
  • Espen & Are av og med Are Kalvø og Espen Beranek Holm. Første forestilling Lillestrøm november 2011. Turné 2011-2014. Sommarshow Park Hotel (Sandefjord) 2012. Latter (Oslo) 2013-2014.
  • Kalvø - ein time av livet ditt du aldri får tilbake av og med Are Kalvø. Premiere Det Norske Teatret (Oslo) oktober 2014. Nominert til komiprisen: Årets sceneforestilling, årets mannlige scenekomiker, årets standup-komiker. Vinnar komiprisen: Årets sceneforestilling. 

Som forfattar:

  • Sound of Musvik Manus saman med Johannes Joner og Anders Hatlo. Premiere Centralteatret Oslo 2004.
  • Norge-Brasil, ein opera Manus. Eller libretto, om du vil vere jålete. Musikk: Helge Førde. Urpremiere Opera Nordfjord (Nordfjordeid) oktober 2010. Premiere Det Norske Teatret (Oslo) mars 2012. Nominert til Hedda-prisen: Årets forestilling.
  • Halve kongeriket. Norsk politikk - the musical Manus. Musikk: Ingrid Bjørnov. Urpremiere Det Norske Teatret september 2015. Nominert til komiprisen: Årets sceneforestilling, årets  mannlige scenekomiker (Niklas Gundersen), årets kvinnelige scenekomiker (Charlotte Frogner). Vinnar komiprisen: Årets sceneforestilling. 

Anna (utval):

  • In the ghetto. Manusbidrag. Det Åpne Teater (Oslo) 1996.
  • Kvinner på randen rir igjen. Manusbidrag. Premiere Teatergarasjen (Bergen) 2001. Vinnar komiprisen: Beste ensemble.
  • Herborg og Hope med Herborg Kråkevik og Christine Hope. Manusbidrag. Premiere Bergen 2006.
  • Evolusjon med Dagfinn Lyngbø. Manusdoktor. Premiere Ole Bull Scene (Bergen) 2008. Vinnar komiprisen: Beste standup. Årets morsomste. 
  • Flink pike med Pernille Sørensen. Manusdoktor. Premiere Latter (Oslo) 2010. Nominert til komiprisen: Beste standup.
  • Stereo med Dagfinn Lyngbø. Manusdoktor. Premiere Ole Bull Scene (Bergen) 2012. Vinnar komiprisen: Beste mannlige artist. Nominert: Beste forestilling.
  • Christine Hope roer seg kraftig ned. Manusbidrag. Premiere Ole Bull Scene (Bergen) 2013.
  • Shockheaded Peter av Crouch/McDermott/The Tiger Lillies. Gjendikting frå engelsk. Premiere Det Norske Teatret (Oslo) august 2013. Vinnar Heddaprisen: Årets mannlige skodespelar (Vidar Magnussen). Vinnar komiprisen: Årets mannlige scenekomiker (Vidar Magnussen) og Årets sceneforestilling. 
  • The book of mormon av Tery Parker / Matt Stone / Robert Lopez. Gjendikting frå engelsk. Premiere på Det Norske Teatret september 2017.

TV:

  • Egentlig, NRK: Manusforfattar (1993-2000)
  • Mediemenerne, NRK2: Humorinnslag (2003)
  • Nytt på nytt, NRK1: Lagleiarvikar (2010 og 2013)
  • Mysteriet Norge, NRK1: Humorinnslag (2011)
  • Sportsrevyen, NRK1: Humorinnslag (2010-2013)
  • Riksforsamlinga, NRK1: Programleiar, manusforfattar (2013)
  • Brille, NRK1/TVNorge: Sporadisk paneldeltakar (2012-2017)

Spaltist: 

  • Vinduet: Fast humorspalte (2005-2007)
  • Arbeiderbladet/Dagsavisen: Fast vekentlig spalte (1992-2011). Denne spalta blei også trykt i Bergens Tidende 1999-2010 
  • Aftenposten: Fast vekentlig spalte (2011-  )

Popmusikk:

  • Oslo Plektrum (Espen Beranek Holm, Jan Swensson og Øystein Jevanord). Diverse poptekstar, som du kan høyre live med ujamne mellomrom, eller når du vil på ei av dei to utgjevingane til bandet, for eksempel her og her.
  • Olav Stedje. Tekst til songen «Alle andre kom for kakene», som du kan høyre her.