Kjære søte landsmøte

Eg har skrive den perfekte landsmøtetalen.

Eg har naturligvis ikkje tenkt å bli partileiar. For det første fordi eg har eit liv. For det andre fordi det er for seint. For det tredje fordi det garantert ikkje er nokon parti som vil ha meg. 

Men ein ting misunner eg partileiarane, og det er landsmøtetalen. Fordi det må vere fantastisk å snakke til ei så grenselaust velvillig forsamling. Og fordi eg trur eg ville klart å halde ein veldig bra landsmøtetale. Det vil seie, eg veit at eg ville det. For eg har allereie skrive ein landsmøtetale. Og den er perfekt, faktisk. Berre sjå her: 

 

 

Kjære landsmøte. 

Eg står framfor dykk i dag for å fortelje dykk det de vil høyre. Derfor vil eg opne denne talen med å seie: 

Vi skal vinne neste val. 

Og valet etter det igjen.
For ikkje å snakke om valet etter det igjen. 

Og valet etter det igjen, det skal vi vinne endå meir. 

Og la meg også legge til, sidan eg først står her for å fortelje dykk det de vil høyre, at de ser veldig bra ut i dag. Vårt parti har dei søtaste og mest velkledde delegatane i landet. De er hyggelige, de er sjarmerande, og de har varme og vakre smil. Dessutan er de fordømt flotte på håret. 

Likevel er det viktig å tenke på alle dei som ikkje er fordømt flotte på håret. Alle dei som ikkje har overskot og ressursar til å vere søte og velkledde. For eksempel Anne og Geir, som er to vanlige menneske som eg har dikta opp for at talen skal verke varm og mellommenneskelig. 

«Er det rart jeg er redd når styggen på ryggen er han jeg prater med mest?» spør OnklP i sin store hit. Og eg siterer denne songen som eg aldri har høyrt for å vise at eg heng med, og at eg også er i stand til å snakke om ting eg ikkje har greie på i det heile tatt. 

Eg har ikkje tenkt å verken rappe eller synge, det skal eg spare dykk for. Og dette seier eg med eit lite smil for å vise at eg har sjølvironi og sjarm sjølv om eg er ein litt keitete politikar som ikkje akkurat datt i timing-gryta som barn. Men eg vil gjerne dvele litt for lenge ved dette sitatet, for at talen skal verke gjennomarbeida.

For kanskje har vi alle ein stygg ein på ryggen av og til. Eller på magen. Eller i fanget. Vi må ikkje gløyme alle dei som har ein stygg ein på ein eller annan kroppsdel. 

Det er det eg kallar vårt felles ansvar. 

Det er sjølvsagt ikkje berre eg som kallar det vårt felles ansvar, men eg seier det på denne måten for å gi inntrykk av at det faktisk er eg som har funne opp desse tre orda: Vårt, felles og ansvar. 

Verdiar er også eit bra ord. 

Og vi. Fint ord. 

Vi er mange, vi har verdiar. Det har sannsynligvis ein diktar sagt ein gong. Og eg siterer denne diktaren no for at eg ikkje skal verke som ei klyse som trur eg har funne opp alle fine ord sjølv. 

Eg er heldig som får lov til å vere leiaren dykkar. Dette seier eg fordi det har blitt ei stund sidan eg sist sa det de er her for å høyre. Eg er audmjuk. Eg er takknemlig. Eg er glad i dykk. Eg har lyst til å slikke skoa dykkar, gi dykk alle ein god klem, og komme heim til dykk for å rydde i kjøkkenskåpa dykkar. 

De ser forresten veldig bra ut i dag. 

Og vi skal vinne dei sju neste vala med god margin. Fordi vi er saman, fordi vi er på parti med alle dei som har ein stygg ein på ryggen, og alle dei som ikkje er sjarmerande og har varme og vakre smil. For eksempel Geir og Anne. Geir og Anne har vanlige jobbar og vanlige familiar og ei historie. Det skal vi aldri gløyme. Og det er nettopp det vi meiner når vi seier «vi er meir enn eg og noko anna enn oss». 

Dei andre partia er forresten ikkje like bra som oss. For de, kjære venner, er best. Og har rett. Og er nydelige menneske. Og de er alle inviterte til rommet mitt etterpå. 

Har eg forresten nemnt at de ser veldig bra ut?

Eg elskar dykk. 

Are Kalvø - 23.04.2015