Tilsynet for middels høg moral

Det finst folk som ser på tv for deg. Litt av ein jobb.

Du er kanskje pollenallergikar. Eller kanskje du ikkje har så mange venner. Eller jobb. Uansett: Det kan hende du satt inne tidligare denne veka og såg Fredrik Skavlan forsvare seg i kringkastingsrådet etter alle klagene på intervjuet hans med Sverigedemokraternas leiar Jimmie Åkesson. Eit intervju der Skavlan sjokkerte mange med å vere kritisk og pågåande, i staden for å fomle og seie «øh..», som er det vi har blitt vant til. Det kom rekordmange klager på dette intervjuet, det var rekordstor interesse for dette møtet i kringkastingsrådet, og ei stund var rådsmøtet toppsak i alle Norges største nettaviser. 

Dette fekk du kanskje med deg. Og kanskje tenkte du: Det var då voldsomt til mas om eit lite intervju? Kanskje tenkte du: Skjer det ikkje noko anna i verden? Kanskje tenkte du: Skavlan slepp altfor lett unna. Kanskje tenkte du: Det var vel litt i overkant å samanlikne dette møtet med ei landssviksak? 

Sjølv tenkte eg dette: Kringkastingsrådet? Finst det framleis? Seriøst?!

Korleis har det gått til? Korleis har dei klart seg? I alle desse åra? Er det nokon som har gløymt å seie frå?

Her har verden gått vidare. Kringkastingsmonopol er oppløyste, murar har falle, internett og smarttelefonar og Netflix har blitt funne opp, apartheid er avskaffa i Sør-Afrika, Anders Langes parti har blitt FrP, SF har blitt SV, EF har blitt EU, Sovjetunionen er oppløyst, norske skodespelarar har gjort det brukbart i USA, på ordentlig.

Og der, inne i eit hjørne, sitt kringkastingsrådet. Som om ingenting hadde hendt. 

Og folk kan altså tydeligvis risikere å få ein telefon, sikkert ein fasttelefon, frå nokon som seier «God dag, dette er frå kringkastingsrådet. Vi ser helst at du kjem til oss og forklarer kvifor du var så kritisk og pågåande i det intervjuet, i staden for å fomle og seie «øh..» som er det vil har blitt vant til?»

Eg ville ikkje blitt det spøtt meir overraska om eg fekk ein telefon frå nokon som sa: «God dag du, dette er frå Tilsynet for høg moral. Kan du komme til eit møte, det er no i kveld i bedehusets sal?»

Eg har lenge lurt på kva for ein dag det var at vi ein gong for alle la det gamle samfunnet bak oss, og den nye tida tok til. Var det dagen då kebaben kom til Norge? Dagen det blei lov å drikke sprit på søndagar? Dagen vi slutta å snu oss etter utendingar på gata? Dagen vi slutta å seie «fut» og «vaskekjerring»? Den seremonien under Lillehammer-OL, der leikefuglane kom opp av det kjempeegget, og vi alle tenkte «Ok, det er nok no»? Dagen vi såg «Jul i skomakergata» i reprise og forstod kor himla seint det gjekk i gamle dagar?  

Eller er vi rett og slett ikkje der enno? Begynner den nye tida kanskje først den dagen kringkastingsrådet blir nedlagt?

Eg har googla, som ein kan gjere no, og funne ut dette: I kringkastingsrådet sitt det fjorten personar. Åtte som er oppnemnde av Stortinget. Og seks er oppnemnde av Kongen i statsråd. I tillegg har alle kvar sin varaperson. Altså tjueåtte personar som har blitt utpeikte av Stortinget og regjeringa og kongen til å sjå på tv og høyre å radio på vegner av oss alle. 

Så kan du som ser på klage, og så tek rådet klagen vidare. 

Det er søtt. 

Og det var vel ein god tanke, den gongen det var berre ein kringkastar i Norge, at folk hadde nokon dei kunne gå til om dei var misfornøgde. No er ikkje det eit akutt problem. Viss folk ser noko dei ikkje liker på tv no, så manglar det ikkje på plassar og måtar å seie frå, og det er heller ikkje noko som tyder på at folk kvier seg for å seie frå. 

Men nokon har tydeligvis gløymt å seie frå om at kringkastingsrådet framleis finst. Dei sitt der, kanskje på nabokontoret til det offentlige tilsynet som har til oppgåve å sjå til at Fattigkassa framleis fungerer etter planen.

Det er og blir søtt. 

Men no må eg gå. Eg fekk nettopp telefon frå eit 02-nummer. Det var sjefen for det offentlig oppnemnde Rådet mot uthenging av råd. Eg må tydeligvis i møte for å forsvare vitsinga mi om kringkastingsrådet. Og vitsinga mi om Tilsynet for høg moral. Det tilsynet finst visst faktisk også. 

 

Are Kalvø - 27.04.2015