Stortinget stormar på dør og går på bar

Politikarar må lære seg å krangle som andre folk.

Det blir stadig hevda at politikken står for langt frå folks kvardag. Eller, det blir vel strengt tatt ikkje stadig hevda. Men eg skriv det likevel. For då verkar det som om dette ikkje berre er noko eg sjølv har tenkt litt på. 

Så kva kan gjerast for å flytte politikken nærmare folks kvardag? Jo, politikarane kan begynne å krangle litt meir som vanlige folk.

Denne veka har Stortinget krangla om og kritisert justisminister Anders Anundsen for det meste han har drive med når det gjeld asylbarn. Etter å ha tenkt og diskutert lenge og grundig, vedtok fleirtalet «kraftig kritikk» av Anundsen, men ikkje «mistillit».

Så vidt eg kan forstå, betyr «kraftig kritikk» at ein meiner justisministeren er ein arrogant, udugelig, sløv, svaksynt, kjenslekald, respektlaus og sosialt utfordra lovbrytar som ikkje gidd å lese sine eigne brev. Men ein meiner også at ingen andre kan gjere jobben betre. 

Mindretalet bestemte seg for «mistillit». Så vidt eg kan forstå, betyr det at ein meiner justisministeren er ein arrogant, udugelig, sløv, svaksynt, kjenslekald, respektlaus og sosialt utfordra lovbrytar som ikkje gidd å lese sine eigne brev. Men dette kan ein berre tillate seg å seie høgt dersom ein er heilt sikker på at ein slepp å ta over jobben sjølv. Og det kan ein vere når fleirtalet går inn for «kraftig kritikk», men ikkje «mistillit». 

Det er litt som å vere kritisk på eit møte i burettslaget ditt eller skulen din eller den lokale velforeininga. Du risikerer alltid å ende opp med eit verv. Først når du har sete i alle tenkelige utval og styre, slik at ingen kan seie noko anna enn at du har gjort plikta di, først då kan du møte opp, gripe ordet og lage eit skikkelig helvete. 

Men bortsett frå denne likskapen med burettslaget eller velforeininga, så ligg politikk-kranglar langt unna folks kvardag. Veldig langt unna, faktisk. Det skjer svært sjeldan i vanlige folks liv at ein høgrøsta krangel toppar seg med at du skrik: «Eg har framleis tillit til deg, men eg kritiserer deg kraftig!». 

Og kor ofte har du vore illsint, vifta med peikefingeren, og ropt til ektefellen din: «Eg kallar deg inn til høyring!»

Det ville kanskje fungert for å forvirre motparten, men ikkje så mykje anna. 

Så neste gong Stortinget skal kritisere ein statsråd lenge og vel før dei bestemmer seg for at det får vere greitt likevel, då foreslår eg at dei legg ordbruken og verkemidla litt nærmare kranglane frå folks kvardag. 

Her er nokre forslag til ting Stortinget kan vedta neste gong, i staden for «kraftig kritikk», men ikkje «mistillit»:

Stortinget går inn for å slamre med dørene og vere furtne i eit par timar.

Stortinget går inn for å storme ut i sjølvrettferdig sinne, gå på bar, drikke litt for mykje, flørte formålslaust med bartenderen, late som om vi har det artig, sjølv om vi eigentlig har litt dårlig samvit for at vi blei så sinte, snuble tilbake til Stortinget litt for seint, og stå opp i morgon og halde fram som før. 

Stortinget vedtar å ikkje snakke med statsråden på ei stund, utover utveksling av nødvendig praktisk informasjon, og små utbrot som «tsk», «pf» og «pfft».

Stortinget vedtar å late som om alt er i orden og alt er gløymt, men spare på feila statsråden har gjort, og så hente dei fram og bruke dei mot han ved ei seinare anledning, gjerne når Stortinget har drukke litt. 

Stortinget vedtar å seie noko fullstendig urimelig til statsråden og ringe og be om unnskyldning ein halvtime seinare. 

Stortinget viser ei handflate til statsråden og seier, i alle fall inni seg: «Whatever!». 

 

 

 

 

 

Are Kalvø - 26.05.2015