Komikar eller bergensar

Eg har nokre gode og klargjerande forslag til nye titlar i politikken.

 

Så langt er valkampen forvirrande. Vi som skriv i avisa prøver så ofte som mulig, og vel så det, å gi beskjed om kva som er det viktigaste i eit val: At partileiarane, som ikkje er på val, er tydelige og vinn debattar. Viss partileiarane, som ikkje er på val, er tydelige og vinn debattar, då vinn dei valet. Verre er det faktisk ikkje. Dette seier vi igjen og igjen og igjen. Men hjelp det? Nei. Ein kan nesten begynne å lure på om politikarane ikkje høyrer på oss som skriv i avisa. 

Ein ting er at mange av partileiarane ikkje vinn debattar. Det må vi ha forståing for. Ikkje alle kan vinne. Då blir det nemlig uavgjort, og det er vi imot. 

Det som er verre, er at politikarane ikkje har fått med seg at det er viktig å vere tydelig. Fleire av politikarane prøver å vere fleire ting på ein gong. Det beste eksemplet på dette er sjølvsagt  Siv Jensen, som prøver å sitte i regjering og opposisjon samtidig, akkurat som enkelte andre parti som har regjert utan at dei eigentlig er store nok til denslags. Men det er fleire: Knut Arild Hareide er både veldig sint, litt tøysete, opptatt av verdens elendigheit og trur jorda går under viss folk kjøper mjølk på søndag. Det er mykje på ein gong. Jonas Gahr Støre er både flink og ikkje spesielt flink. Det er forvirrande. Mange politikarar snakkar om å ha fleire tankar i hovudet samtidig. Kvifor det?  Fleire av partia går både fram og tilbake på meiningsmålingar, gjerne på same dag. Det er berre unødvendig. 

For å gjere dette enklare og - ja - tydeligare, foreslår eg at alle dei sentrale aktørane i valkampen skiftar titlar. No har alle omtrent like titlar. Alle er leiar eller nestleiar eller talsperson eller noko tilsvarande innhaldslaust. Ting ville vore enklare om alle fekk ein tittel som tydelig viser kva som er rolla deira i valkampen, og at dei held seg til denne eine rolla. 

Eg har nokre forslag: 

 

Knut Arild Hareide, komikar.

Hareide er naturligvis ikkje tradisjonelt vittig. Men om du samanliknar han med dei andre partileiarane, så er han plutselig Bård Tufte Johansen. Det blir sjølvsagt litt som å slå folk som ikkje kan svømme i hundre meter bryst, men ein tar det ein har. Når du i tillegg, som Hareide, høyrer heime i ei rørsle som er mest kjent for å legge seg tidlig saman med folk ein er gift med, så er det nok å seie at du har «gjort noko» saman med ein annan partileiar, før alle tenker grisete og begynner å le. 

Derfor: Hareide har dei beste føresetnadene for å vere komikaren av partileiarane, fordi ingen forventar at ein sånn fyr skal vere morsom. Så hald deg til komikken, Hareide, og dropp alt det andre. 

 

Siv Jensen, oppgitt.

Dette handlar om å dyrke det ein er best til. Om ho resten av valkampen kunne nøye seg med å  berre riste på hovudet og seie «Det er feil», så ville det hjelpt veldig. 

 

Jonas Gahr Støre, ullen. 

Slutt med stotring. Ikkje sei feil ting. Ikkje sei nokon ting. Og gjer det med overtyding og mange ord. Dette kan ikkje vere så vanskelig. 

 

Erna Solberg, bergensar.

Statsminister, sjefen til Siv, partileiar, ansvarlig, tøff i trynet. Dette blir veldig mykje på ein gong. Erna bør konsentrere seg om å ikkje vere frå Oslo. Det er uansett det vi som skriv i avisa legg merke til. 

 

Trygve Slagsvold Vedum, blid fyr med rart namn. 

Okei, det er to ting. Men dei heng saman. 

 

Per Sandberg og Carl I Hagen, rysta.

Her er forsåvidt oppførselen enkel og tydelig nok. Det er berre å skfite tittel. 

 

Anders Magnus, NRKs ansvarlige for å avbryte politikarar som ikkje har sagt eit ord, berre for å gjenta spørsmålet han nettopp ikkje gav politikaren sjansen til å svare på. 

Her er det også berre tittelen som må endrast. Oppførselen til Anders Magnus er allereie på plass. Vi som jobbar i media er generelt mykje betre enn poltiikarar til å vere tydelige på den eine tingen vi er gode til, og droppe alt anna. Og Anders Magnus er kanskje den beste i landet til å snakke samanhengande i ein halvtime utan å sleppe andre til orde, og likevel berre få sagt ein ting. 

 

Ok? Kan vi få til dette? Bra. Då blir det lettare for oss som skriv i avisa å fortelje deg kva for ein av partileiarane som ikkje er på val som vinn valkampen.

 

 

 

Are Kalvø - 24.08.2015