Sorry, resten av landet

Eg ber om tilgiving på førehand. Det kjem til å bli ille. Og det kjem til å ta tid.

Som du garantert har fått med deg, enten du vil eller ikkje, så skal sentrum i Oslo bli bilfritt. Det har det nye byrådet bestemt, og der er Miljøpartiet Dei Grøne med. Og det verkar kanskje som ein god idé for nokon i Oslo. Det altfor få tenker på, er konsekvensane dette får for resten av landet. 

Vi som skriv i avisa har ein tendens til å skrive om ting som skjer i Oslo. Det har du nok også fått med deg. Viss det blir diskutert å bygge noko eller flytte på ein bygning i Oslo, så skriv vi gjerne om det. Lenge. Alle som har vore plassar i Norge, veit at bygging av ting og flytting av bygningar blir diskutert alle plassar, men det er sjeldan at folk som ikkje bur på plassen treng å bry seg om det. 

Så når det no faktisk skjer noko i Oslo som ikkje er heilt vanlig, ønska av eit parti som ikkje vanligvis har makt, då kjem vi til å ta heilt av. Det er like greitt at resten av landet får vite det no med ein gong. Dette kjem ikkje til å slutte. Mange av dykk er nok allereie lei av å høyre om det nye byrådet i Oslo. Vel, dei har hatt makta i tjue minutt. Vi er så vidt i gang. 

Det er ikkje det at vi liker å irritere folk, men vi som skriv i avisa er opptatte av konsekvens og relevans. Og når vi opp gjennom åra har klart å plage resten av landet med så mykje mas om uinteressante ting som flytting av museum, då er vi rett og slett nødt til å skrive endå meir den dagen det faktisk skjer noko i Oslo som er litt spesielt. 

Det forstår du nok. 

Og det kjem vi vil å gjere. Vi kjem til å skrive altfor mykje om det. Det kjem til å bli debattert av dei som alltid debatterer alt. Det kjem til å bli diskutert altfor mykje i Dagsnytt 18, radioprogrammet som denne veka feira at det er tjuefem år sidan forrige gong dei inviterte ein overraskande gjest. 

Og - og dette beklager eg kanskje mest av alt - vi kjem til å vitse om det. For dette er ei sånn sak. Viss det er ein ting vi som skriv i avisa liker endå betre enn saker vi ikkje treng å flytte på oss for å skrive om, så er det saker til og med vi kan klare å vitse om. 

For folk flest er det ein regel at viss til og med ein statsråd eller ein journalist kan slå ein vits om noko, då et det sannsynligvis ikkje morsomt. Vi har aldri brydd oss om denne regelen. Vi kjem til å intervjue rikspolitikarar som samanliknar bilfritt sentrum med Berlin-muren. Vi kjem til å ringe til statsrådar som synest dei er artige når dei påpeiker at politikarar som er for bilfritt sentrum, tek taxi til sentrum etter debatten om bilfritt sentrum. Dette kjem vi til å gjere, fordi vi kan. Det er ikkje ofte vi kan det. Det er ikkje ofte journalistar og statsrådar har sjansen til å kjenne seg kvikke. Det går ikkje an å slå slike vitsar på andre område i politikken: 

FrP-politikarar vil ha lavare skattar, men betale sin eigen skatt sin gjer dei. Ha ha. 

For eksempel. 

Du høyrer det. Det funkar ikkje. 

Derfor grip vi sjansen no. Og vi kjem til å gripe han i sånn cirka fire år. Det er berre for resten av landet å venne seg til det. 

De får trøste dykk med at den dagen bilfritt sentrum er innført, så kjem ingen til å diskutere det.

 

 

 

Are Kalvø - 26.10.2015