Jo mere vi er sammen

Til alle som liker å kle seg ut og sjå skumle ut: Det finst alternativ.

Det ser ut til at det alltid, til ei kvar tid, vil vere nokon som har behov for å kle seg ut og sjå skikkelig alvorlige ut saman med andre som liker å kle seg ut. Nokon av desse tilber satan, nokon liker Jesus, nokon tilber Allah, nokon tilber Odin. Og dei ulike gruppene har også ulike måtar å kle seg ut og pynte seg på. Det kan vere fotside kjolar, lange skjegg, glattbarberte hovud, fint oppbretta bukser, hettejakker med stilige teikningar på. Her har ein gjort seg mykje flid med både personlig stell og antrekk. Variasjonen er stor. Men alle har altså dette behovet felles: Behovet for å vere skikkelig alvorlige saman med andre folk som også liker å kle seg ut og stelle seg. 

Til alle dykk som har dette behovet: De må ikkje vere så alvorlige. Det finst alternativ. Det går an å dyrke interessene dykkar, og ha det skikkelig artig. 

Her er nokre forslag til aktivitetar de kanskje kunne prøve:

Revy! Start ein lokalrevy viss det ikkje allereie finst eit revymiljø i bygda du bur i. Her får du rikelig anledning til å kle deg ut og vere saman med andre som kler seg ut. Her er det ingen grenser. Kjolar og skjørt, drakter og dressar, uniformer og lausbryst. Dessutan er det gøy! Samhaldet i gruppa er fantastisk, de jobbar saman mot eit felles mål, de hjelper kvarandre, de er verkelig ein gjeng. Saman mot røkla! Og tenk på dette: Kanskje er det sånn at du er sint på noko eller nokon i samfunnet. Det kan verke sånn. På revyscenen kan du ta ut dette sinnet i parodiar! Du kan kle deg ut som dei du er sint på, gjere narr av dei, ta på deg laustenner og overdrivne parykkar, og få folk til å le av dei. Det kjennest godt. Og det er bra for humøret. Og etterpå vil du oppleve at folk i lokalmiljøet klappar deg på skuldra, gir deg øl og vil bli med deg heim. 

Idrett! Ai ai ai. Her får du alt du liker, og fysisk fostring. Om du blir med i ein lagidrett, får du ikkje berre kle deg ut, du får kle deg akkurat likt som alle vennene dine. Eg veit du liker det. Det er nesten som ein uniform. Samtidig har du eit lite nummer på ryggen, som berre du har, og som viser at du er unik, sjølv om du også er ein del av ei sterk og fin gruppe. I idretten er det også lov til å vere litt alvorlig, og du kan få ut litt aggresjon på bana, men om du vel rett idrett, kan du også finne barsk humor og mykje latter i garderoben. Høyrest ikkje det bra ut? I god form blir du også. Og dersom laget ditt gjer det bra, så vil du oppleve at folk i lokalmiljøet klappar deg på skuldra, gir deg øl og vil bli med deg heim. 

Spel i band! Lær deg å spele eit instrument, slå deg saman med nokon andre som speler instrument. Kanskje kjenner du nokon som har gått på kulturskulen? Når de er eit band, kan de kle dykk likt viss de vil. Eller de kan kle dykk heilt ulikt. Det er også rom for å sminke seg og sjå skummel ut. Her er det i grunnen berre opp til deg sjølv og vennene dine. Samhaldet er sterkt. Og om du vel rett sjanger, så kan du også her blåse ut litt når du står i øvingsrommet eller på scenen. Og du kan vere oppe om natta. Du liker det? Og du? Viss bandet ditt gjer det bra, så.. ja, du forstår?

Kor! Her er du også ein del av ei sterk gruppe med ei stemme, og samtidig har du di heilt eiga stemme som berre du har. Kor er kanskje ikkje fullt så kult som band, men samhaldet og humøret i eit kor kan vere veldig fint. Og kven veit? Viss de øver mykje og blir skikkelig flinke, så kan kanskje akkurat ditt kor sørge for at kor blir kult.

Dragshow! Det er litt som revy, men kanskje endå meir spennande.

Lykke til!

 

 

 

 

Are Kalvø - 28.02.2016