Og du er liksom så mykje betre sjølv?!

Kan vi ikkje berre vere enige om at frå og med i dag sluttar vi med "Og-du-då?"-argumentasjon?

Det er nok ei stund til vi klarer å bli kvitt krig, svolt, urettferdigheit, Per-Mathias Høgmo og folk som tek bilde av seg sjølv på fjelltoppar. Men ein ting burde vi klare å legge bak oss no. Ein plass må ein starte. 

Kan vi ikkje berre vere enige om at frå og med i dag sluttar vi med «Og du då?»-argumentasjon. 

Og-du-då-argumentasjonen er den som har ført mange av oss inn i evigvarnde verv i skule, idrett, velforeiningar og burettslag. Du seier ein kritisk ting om arbeidet til dei andre på eit møte, får «Og du då?» til svar, og vips så har du fått deg ein plas i eit styre eller eit utval.  

Og og-du-då-argumentasjonen er den som gjer at det er altfor lett å vere kritisk i politikken, utan eigentlig å måtte argumentere. Ein politikar seier at han eller ho arbeider for eit betre miljø, du påpeiker at denne politikaren sjølv bruker både bil og fly, og vips så har du drive kritisk journalistikk. 

Det er for enkelt. 

Når kulturministeren no er kritisk til pengebruken til idrettstoppane, så kan du banne på at nokon sitt og går gjennom reiserekningane og restaurantrekningane hennar, i håp om å kunne avskilte henne med ein og-du-då-artikkel: «Kritisk til idrettstoppenes dyre lunsjer - her spiser hun selv på Michelin-restaurant». 

Det er for enkelt. 

Viss ein politikar seier at vi bør ete norsk mat, så er det for enkelt å ta eit bilde av henne medan ho et noko utanlandsk, og tru at du dermed har vunne debatten. 

Det er for enkelt. 

Det høyrest fint ut at det skal vere samsvar mellom liv og lære. Sjølvsagt gjer det det. Fint, og rett. Og moralsk ovelegent. Og for all del, viss ein miljøpolitikar lar ein heil bilpark stå på tomgang rundt ein naturbarnehage, eller viss kulturministeren gumlar vaktlar under intervjuet der ho kritiserer idrettstoppane sine dyre vanar, då kan det kanskje vere greitt å seie frå. Men så lenge folk ikkje gjer noko ulovlig eller heilt urimelig, kanskje det kan vere greitt no å ta diskusjonane om innhaldet i politikken, i staden for å påpeike at avsendaren ikkje alltid lever 100% som ein parodi på partiet eller rørsla ho tilhøyrer?

Kanskje det kan vere greitt no å diskutere om politikarane er inne på noko, i staden for å kreve at alle som seier dei arbeider for eit betre miljø skal bu i ei jordhytte, sykle til alle møte, og utelukkande gå i klede som du kan ete etterpå? Eller at viss du er republikanar, så skal du frese kvar gong du går forbi slottet, i staden for å oppføre deg som eit normalt menneske. Eller at alle som jobbar for verdens fattige, skal sjå shabby og sveitte ut, selje alt dei eig og busette seg i første og beste slum, ikkje sjå bra ut, ikkje ha sjølvtillit og sminke og ikkje ha god plass. Det er faktisk mulig å både bruke hundre tusen på eit antrekk og ein million på verdens fattige. I alle fall viss du har ein komma ein million til overs. Og det er enklare å la vere å jobbe for verdens fattige. Då slepp du kritikk. 

Det er for enkelt. 

Men det som er fint med det som er enkelt, er at det også er ganske enkelt å slutte. Så la oss gjere det no. Eg kjenner sjølv trangen til å seie «Og du då?» til folk eg ikkje liker eller er uenig med. Og eg kjenner at det er tilfredsstillande når eg får tatt dei i manglande samsvar mellom liv og lære. Men det er nok no. Neste gong skal eg gjere det litt vanskeligare for meg sjølv. Eg lovar. 

Sånn. No går eg og tek bilde av meg sjølv på eit fjell. 

 

 

Are Kalvø - 03.04.2016