Respekt for folket

Kommunesamanslåing for dummies.

Norge har talt!

Dette kan ikkje vere så vanskelig. Det handlar berre om å respektere demokratiet og folkets vilje. Det er dei som har skoen på som veit kvar han trykker osv. No har folket på ganske mange plassar i Norge sagt sitt. Og dei har gitt tydelig beskjed om kva dei vil. Då kan det ikkje vere så mykje meir å diskutere. No er det berre å iverksette. Folkeviljen er krystallklar: 

I Blæsen kommune stemte 51% av 33% av folket for å slå seg saman med Blufsen kommune. I Blufsen kommune stemte 53% av dei 22% som stemte, mot å slå seg saman med Blæsen kommune og for å slå seg saman med Bøgen kommune og Belgen kommune, i ein ny kommune som trulig vil få namnet Blåsebelgen kommune. I Bøgen stemte 48% for og 47% mot å slå seg saman med Belgen. I Belgen stemte 47% for og 48% mot å slå seg saman med Bøgen i ei folkeavstemming der 38% møtte opp. 33% av dei 38% som møtte opp, stemte dessutan for at Belgen skal slå seg saman med Blæsen, men ikkje med Blufsen. 2% stemte for at Belgen skal slå seg saman med Steinmyra kommune, som helst vil slå seg saman med Fjellheia kommune, men som helst ikkje vil ha folkeavstemming om saka, fordi politikarane har mistankar om folk i Steinmyra heller vil slå seg saman med Hellevik kommune, som i ei folkeastemming måndag gjekk inn for å slå seg saman med Markåker kommune, som på si side sa ja til samanslåing med Hufsgaupen i ei folkerøysting der nesten kvar femte innbyggar møtte opp og nesten 40% av dei som møtte opp, skjønte kva dei stemte på. Folk i Hufsgaupen på si side stemte for at Hufsgaupen skal slå seg saman med Galepiggen, men berre dersom rådhuset blir verande i Hufsgaupen og russefeiringa blir lagt til Galepiggen og den nye kommunen får namnet Hufsgaupen. Folk i Galepiggen gjekk inn for at Hufsgaupen, Galepiggen og Lillevatnet skal slå seg saman til ein storkommune som skal heite Vestlandet, at rådhuset skal ligge i Galepiggen og russefeiringa skal gå føre seg i Trondheim. 

I Vellavalla kommune er bildet noko meir komplisert. I kommunesenteret Baskevik gjekk 68% inn for samanslåing med Nidvik kommune. Men i Hupsetausa, som tidligare var eigen kommune men blei slått saman med Baskevik til Vellavalla kommune i 1969, gjekk berre 23% inn for samanslåing med Nidvik kommune. I Nidvik har ei arbeidsgruppe foreslått ein ny storkommune med Nidvik, Vellavalla, Gnøpen og Blæsen, med namnet Vikheimfjorddalheimen. Dette forslaget fekk berre støtte av 12% av dei frammøtte i Gnøpen, 4% av dei frammøtte i Blæsen og 2% av dei frammøtte i Nidvik, der det også viste seg at berre 1% av dei 2% av dei 23% som møtte opp, klarte å stave namnet på den nye kommunen rett. 

Vellavalla går derfor i staden inn for å gå saman med Larvik, Nord-Fron og Hammerfest i ein storkommune der størstedelen av budsjettet vil bli brukt til transport. Kommunestyra i desse kommunane går inn for at det skal haldast folkeavstemming om namnet på den nye kommunen, men først skal det haldast folkeavstemming om kven som skal utarbeide forslag til namn på den nye kommunen. Det blir framleis diskutert kvar folkeavstemmingane skal haldast. Trulig blir det på nøytral grunn i Odda. Med mindre Odda går inn for å slå seg saman med nokon og skifte namn, slik at Odda ikkje finst meir, i alle fall ikkje under namnet Odda. I så fall, vil folkerøystinga bli arrangert i Havheimen, som er ein kommune som ikkje finst enno, men som trulig kjem til å gjere det etter neste runde med folkerøystingar.

Verre er det faktisk ikkje. Folket har sagt sitt. Sett i gang! 

Are Kalvø - 04.05.2016