Vi skulle alle hatt ein rabiat predikant i livet

Eg er misunnelig. Skikkelig misunnelig.

Mange har blitt sinte på han TV-predikanten i Drammen som ber folk om å gi han masse pengar. NRK har laga eit program om han, der det kjem fram i kva grad han ber folk om å gi han masse pengar. I programmet kjem det også fram at han ropar, meiner rare ting, og ser veldig usympatisk ut når han smiler. Mange har skrive om denne predikanten i avisa etterpå. Og mange har vore sinte. 

Sjølv kjenner eg at eg berre er misunnelig. 

Det er ikkje ofte eg er misunnelig på religiøse folk. Det verkar veldig slitsamt å vere religiøs. Mange reglar å forhalde seg til. Mykje å bli krenka av. Lite rom for fjas. Mykje dårlig musikk. 

Men no kjenner eg at eg er skikkelig misunnelig. Eg skulle så gjerne hatt ein sånn som han TV-predikanten i Drammen i livet mitt. 

Skulle vi ikkje alle det? 

Berre sjå kor dei religiøse kosar seg no. Dei har aldri hatt det betre. NRK-programmet viste strengt tatt ikkje noko anna enn at viss du tek ein rabiat og grisk predikant og går han etter i saumane, så vil du finne ut at han er rabiat og grisk. Men det er nok. For etterpå har religiøse folk hatt sine finaste stunder. KrF-politikarar, misjonssambandsfolk, biskopar i den norske kirka, religiøse folk som skriv i avisa (Vårt Land, ikkje Norge IDAG) har stått i kø for å ta avstand. Alle har reagert med moralsk harme på predikanten i Drammen. Det går ikkje an, har dei sagt og skrive, på ymse måtar. Han er grisk og rabiat, har dei sagt. Og han seier og meiner ting som faktisk ikkje stemmer. Det stemmer for eksempel faktisk ikkje at viss du gir pengar til TV-kanalen hans, så blir du frisk. Og som kjent er heile poenget med å vere religiøs, at du berre skal seie ting som faktisk stemmer. 

Det er ei vedunderlig kjensle å av og til, med truverdigheit og patos, kunne kritisere nokon for alt det du sjølv alltid har blitt kritisert for. Det er få ting som kjennest betre enn det. Det er derfor vi alle treng ein rabiat predikant frå Drammen i liva våre. Ein som får oss sjølve til å verke litt mindre galne. 

Det er derfor vi som skriv i avisa liker at det finst aviser som er endå verre enn vår eiga. Eller at pressa var verre før. 

Det er derfor politikarar som av og til gjer teite ting, liker det så godt når ein rådgivar frå Frp vitsar om voldtekt på fritida og legg det ut på facebook. Det går ikkje an, seier dei då. Javisst har eg gjort dumme ting i mi tid, men det har alltid vore godt meint, og eg har trass alt ikkje gjort så dumme ting. Det skulle tatt seg ut.

Det er nok også derfor vi i Norge er glade for at det finst andre land på kloden. Javisst finst det teite folk i Norge, og teite politikarar, og teite parti. Men sjå på USA då! Det er derfor norske journalistar står i kø for å intervjue tjukke kvite amerikanarar som liker å skyte. Det er ikkje rart desse tjukke kvite amerikanarane er sinte. Dei får jo ikkje vere i fred. 

Utan rabiate og griske predikantar i Drammen, ville vi alle gått rundt og følt oss litt ille heile tida. Takka vere alle verdens rabiate og griske predikantar i Drammen, føler vi oss litt mindre ille av og til. For det skal dei ha takk. Dei skal ikkje ha så mykje meir enn det. Men takk skal dei ha. 

 

 

 

 

 

Are Kalvø - 30.10.2016