Den tause majoriteten snakkar ut

Eg veit korleis folk flest har det. Det er det ikkje mange som veit.

Eg har hatt ein forferdelig dag. 

Det begynte med at eg stod opp og registrerte at det regna. Igjen. Fjerde dag på rad med tungt regn. Når skal dette regnet slutte å plage oss, mumla eg for meg sjølv. Kva har eg gjort for å fortene dette? 

Eg skulle sjekke noko på telefonen. Men telefonen hadde sjølvsagt begynt å oppdatere seg sjølv i løpet av natta. Fordi apple-eliten har fått det for seg at alt må oppdaterast absolutt heile tida. Ikkje noko skal få vere som det er for lenge, for då risikerer ein at vanlige folk klarer å henge med. Og det skulle tatt seg ut. Etter at oppdateringa var ferdig, måte eg oppgi puk-koden min. Puk?!? Kva slags elitistar er det som går rundt og hugsar puk-kodar? 

Eg slengde frå meg telefonen og gjekk ut for å kjøpe kaffi. For kaffiboksen var sjølvsagt tom. Typisk. Eg kan ikkje begynne dagen utan kaffi. Det er mulig at elitistar kan det, men eg kan det ikkje. Så eg tok på meg skoa og gjekk ut. Ute regna det sjølvsagt framleis. Det hadde eg gløymt. Tungt elitist-regn datt ned i hovudet mitt. Eg blei våt på beina. For det er sjølvsagt hol i skoa mine, som sikkert blei laga av ein eller annan elitist som aldri har vore nødt til å forhalde seg til at det faktisk finst regn i verden. Det regnar på vanlige folk. Ikkje på eliten. 

Våt og sur og utan telefon gjekk eg til butikken. Som sjølvsagt var stengt. For elitistane i dagligvarebransjen har naturligvis bestemt seg for at denne butikken først skal opne klokka ni. Slik blir det når dagligvarebransjen blir styrt av folk som ikkje veit noko som helst om korleis vanlige folk har det. 

Ein elitist-nittenåring subba omkring der inne i butikken. Eg banka på døra. Elitist-tenåringen berre peikte på elitist-klokka si og trekte på elitist-skuldrane. Eg visste ikkje kva klokka var. For eg har ikkje klokke. Det er berre elitistar som har klokke. Vanlige folk sjekkar klokka på telefonen. Men telefonen min var jo heime og ubrukelig på grunn av elitist-oppdateringa og elitist-puken. 

Så der stod eg med eliteregn i håret og sko med elite-hol og ante ikkje kor lenge med måtte stå der ute i elitelufta og vente på at elitisten i rema-uniform skulle opne elitedøra si og nedverdige seg til å sleppe oss vanlige menneske inn i varmen eit ørlite sekund slik at vi i det minste kan få oss litt kaffi før resten av dagen går til helvete. 

Omsider fann elitisten med helgejobb det for godt å opne elitedøra. Han sendte meg eit elitesmil og sa «God morgon». Det er lett for han å smile, han som aldri har vore ute i regn med hol i skoa utan kaffi og puk. 

Dei hadde sjølvsagt ikkje den kaffisorten eg liker best. Det er så typisk eliten å ikkje ha den kaffien eg vil ha. Eg spurde elite-tenåringen kvifor dei ikkje hadde kaffisorten eg ville ha. «Eg veit ikkje», svarte han. Elitist. 

Eg gjekk. Elitegutungen ropte etter meg: Ha ein fin dag! 

Eg har ikkje hatt ein fin dag på seksten år. Og det er eliten som vil at det skal vere sånn. For dei liker å bestemme alt for oss vanlige våte sure folk utan puk. Og dei spør aldri oss kva vi vil. Det hadde vore greitt om dei hadde spurt, berre ein gong. Då skulle eg svart «Hald kjeft».

Eg gjekk heim, kaffilaus, puklaus og gjennomvåt. Eg sette meg ned og skreiv rasande innlegg på nettet om dagen min så langt. Eg blei møtt med minimal forståing. Folk bad meg slappe av og nyte livet og tenke på alle dei som har verkelige problem. 

Typisk. Andres problem er liksom så mykje meir verd. Problema til oss vanlige folk betyr ingenting. Det er ingen som forstår korleis vi har det. 

Ingen. Absolutt ingen. 

Eg er faktisk den einaste i heile verda som veit korleis det er å vere folk flest. Eg er heilt åleine om å vere den tause majoriteten. 

Det er einsamt det. 

 

Are Kalvø - 21.11.2016