No er vi lei av desse flinkisane

Det verste vi som skriv i avisa veit, er folk som gjer ting skikkelig.

Det aller verste vi som skriv i avisa veit, er folk som gjer ting skikkelig. Det er få ting som provoserer oss meir enn folk som tenker grundig gjennom ting, folk som har ein plan med det dei driv med. Folk som førebur seg. 

Av og til avslører vi for eksempel at folk som er med i sånne program på tv som liksom skal vere lause og artige, faktisk har førebudd seg. Då blir vi forbanna. Det er juks. Juks juks juks. 

Men det aller verste er folk som deltek i politiske debattar, og som faktisk har tenkt gjennom kva dei skal seie og kvifor og korleis dei skal seie det. Då klikkar det for oss. 

Mange av oss har klart oss heilt fint gjennom heile yrkeslivet utan å tenke så innmari grundig gjennom kva vi skriv før vi skriv det. Det er noko djupt suspekt over sånne folk som har ein strategi. Kva er det som feilar dei, eigentlig?

Kunstnarar, for eksempel. Som deltek i den offentlige debatten. Skodespelarar, for eksempel. Vi vil sjølvsagt helst at dei skal vere heilt utan plan. Vi vil jo at dei skal sitte oppe om natta, drit fulle og med håret til alle kantar, og rive av seg ukvemsord dei ikkje har dekning for. Heks. Bitch. Eg kastar opp. Dust. Dåsemikkel. Sånne ting. Då kan vi få ein debatt det er litt liv i. 

Då kan vi som skriv i avisa skrive, utan å måtte tenke oss så grundig om først, at dette er uverdig, at ein så viktig debatt ikkje bør bli forsøpla på denne måten, at det er fint og bra at kunstnarar engasjerer seg, men då må ein også kunne forvente eit visst nivå. 

Men når det så viser seg at ein kunstnar både tenker gjennom det han seier på førehand, og les gjennom det før han publiserer, og samarbeider med folk som kan slikt for å nå ut med det han vil seie, då er det klart vi blir fortvila. Slik skal det då ikkje vere. Då blir vi nødt til å skrive kommentarar der vi tyr til dei verste skjelsorda vi veit om: «Nøye planlagt». Folk trudde det var ekte, skriv vi, men så viste det seg at det var nøye planlagt. Stunt, skriv vi også gjerne. Då er vi sure altså.

Det skal du berre vite, du der ute som har planar om å gjere noko, og kanskje til og med gjere det skikkelig: Viss du gjer noko som gir oss som skriv i avisa grunn til å putte namnet ditt i same setning som orda «nøye» «planlagt» og «stunt», då litt du veldig tynt an. 

Det er det same med statsrådar som er flinke til å bruke sosiale medier. Det er noko djupt suspekt over det. Det er litt som lærarar som får teknikk til å verke. Det skal ikkje vere sånn.  

Aller helst vil vi naturligvis ha fullstendig rabiate statsrådar som bruker kontortida og nettene til å skrive urimlige ting på facebook utan mål og meining. Kven vil vel ikkje det?

Men i staden viser det seg at det finst statsrådar som har både ein strategi og profesjonelle folk som jobbar med å bruke sosiale medier på ein sånn måte at ein vinn tilhengarar og provoserer motstandarar. Så grenselaust kynisk. Kva blir det neste, spør ein seg? Statssekretærar? Partiprogram?

Kva er gale med å vere litt amatørmessig? Litt useriøs? 

Så kan vi skrive kommentarar utan å måtte jobbe så mykje med dei om at det ikkje er bra at folk i viktige posisjonar er amatørmessige og useriøse og skriv urimelige og rabiate ting på facebook. 

Vi har ein jobb å gjere vi også. Vi skal skrive ting vi også. Ofte kvar einaste dag. Det er det ingen som tenker på. 

Are Kalvø - 28.11.2016