2017 oppsummert

Ingen grunn til å tvile. Dette er det som kjem til å skje i 2017.

Januar.

Erna Solberg held nyttårstale. Ho snakkar unaturlig sakte. Ho fortel at året vi har bak oss, har vore fullt av terror og ekstremver. Men også håp og idrett. 

Mange går på ski. Mange av dei er frå Norge. Nokon er dopa. 

Donald Trump blir innsett som ny amerikansk president. To millionar møter fram for å sjå seremonien. Ca ni hundre tusen av dei er norske journalistar som er i USA for å dekke hendinga. 

Sidan ingen store artistar har takka ja til å synge under presidentinnsettinga, har Donald Trump bestemt seg for å synge sjølv, for å vise - som han seier - at han ikkje treng hjelp frå dei liberaele kulturtaparane. 

Under presidentinnsettinga tvitrar ganske mange gråhåra nordmenn i kultursektoren vitsar om at Donald Trump er dum. Eller dei skriv «God natt, Amerika, min gamle elskede», og fortel at i kveld skal dei sette på ei plate med Hank Williams eller Neil Young eller Bob Dylan eller ein annan amerikansk artist som hadde si storheitstid for hundre år sidan, for å minne seg sjølve på at Amerika faktisk hadde noko for seg ein gong. 

Kommunar begynner å slå seg saman. 

 

Februar. Mars. 

Ein eller annan artist som hadde si storheitstid for hundre år sidan dør. Musikkjournalistar skriv at 2017 held fram der 2016 slapp, og at fleire og fleire av popens og rockens store blir rivne vekk. Det slår ganske få at saka kanskje ikkje er at musikken dør, men at folk som skriv om musikk har litt for mange favorittartistar som hadde si storheitstid for hundre år sidan. 

Mange går på ski. Mange av dei er frå Norge. Nokon er dopa. 

Nokon frå Frp seier noko om Norge og ski og vinter og om at vi må ha lov til å vere stolte. 

Det blir ein heller lang debatt om kva norsk kultur er. Folk blir sinte. Det blir dårlig stemning. Per Fugelli seier han er lei seg. Gråhåra nordmenn i kultursektoren tvitrar vitsar. Frp går fram. 

Per-Mathias Høgmo blir tilsett som ny landslagstrenar i fotball. «Vi har prøvd alt anna,» seier toppfotballsjefen på ein pressekonferanse. «Det var ingen andre som ville.»

Norge speler 0-0 mot Nord-Irland i årets første kvalik-kamp. 

 

April. Mai. 

Det er vår. Folk sluttar å gå på ski. 

Nokon frå Frp seier noko om at våren viser kor mykje vi har å vere stolte av i Norge. Du veit kva som skjer etterpå. 

 

Juni. Juli. August. 

Det er sommar. Valkampen er i gang. Frp-veteran Carl I. Hagen har anlagt Trump-frisyre og gir litt for mange intervju der han fortel at veret så langt i år har vore heilt gjennomsnittlig, og at alle meiningsmålarar er kjøpt og betalt av den sosialdemokratiske eliten. Siv jensen seier ingenting. Erna Solberg verkar litt lei. 

 

September. 

Det er val. Ingen gjer det kjempebra, men det blir i alle fall regjeringsskifte. Carl I. Hagen seier valet er rigga og at Jonas Gahr Støre ikkje er så veltrent som folk vil ha det til. Til og med Siv Jensen ber han gå og legge seg. 

Ein gråhåra nordmann i kultursektoren tvitrar ein vits om at Donald Trump sikkert kjem til å invadere Norge, no som Frp ikkje er i regjering meir. 

Trump, som har brukt presidentperioden sin til no til å kommentere ting på Twitter, svarer den gråhåra nordmannen i kultursektoren at han faktisk hadde tenkt å invadere Norge, men han kjem til å droppe det no som ein tapar frå venstresida har foreslått det. 

Gråhåra nordmenn i kultursektoren gratulerer kvarandre med at dei har hindra invasjon og sikra freden i Norge og blir enige om at tida no er inne for å vise at alle gode krefter står saman. Dei begynner å planlegge ei støttemarkering for alle gode krefter.  

Frp-arar kaller støttemarkeringa kvalmande og unorsk. Du veit kva som skjer etterpå. 

Landets nye statsminister Jonas Gahr Støre takkar for tilliten og held ein tale som ingen forstår. 

 

Oktober. November. 

Den nye regjeringa går i gang med friskt mot og ganske mange statsrådar som er i slekt med eller kjenner andre som har vore statsrådar før. 

Ein statsråd går av på grunn av noko som skjedde for tretti år sidan. 

Den annonserte støttemarkeringa går av stabelen, med alt som kan krype og gå av norske artistar som hadde si storheitstid for hundre år sidan. Ein av dei dør under konserten.

 

Desember.

Det er jul. Året blir oppsummert. Som dette.  

 

Are Kalvø - 01.01.2017