Redninga er her

Vi treng dette no.

For ei tid vi lever i. Donald Trump legg seg ut med heile verda. Heile verda legg seg ut med Trump. Ulven og landbruksministeren splittar Norge. Distrikts-Norge står i brann, by står mot land, ingen har lyst til å forstå kvarandre, og Trygde Slagsvold Vedum kneggar heile vegen til tosifra oppslutning. 

Det er no vi treng det. Som aldri før. 

For ingenting er som det skal vere. Politifolk er kanskje korrupte. Norske skistjerner får kritiske spørsmål. Oljenæringa er i trøbbel. Kirkemøtet har bestemt seg for å følgje norsk lov, og dei gamle mennene i kirka er sure på vegner av gud. Og russarane er sinte på oss. Faktisk så sinte at dei har klart det nesten ingen andre klarer: å bli provosert av Bård Vegar Solhjell. 

Aldri har vi hatt større behov for akkurat dette. Det er no vi treng det. Det er for mykje konflikt. For mange store ord. For mykje gud, for mykje great again. 

Vi treng det no. 

Vi som skriv i avisa treng det også. Alt glepp for oss no. Politikarar boikottar oss og er sinte på oss. Det er no ein ting. Det liker vi litt, som du nok veit. Men det som er verre, er at dei rett og slett ikkje bryr seg om oss. Vi treng dykk ikkje, seier politikarane. Vi kan snakke rett til veljarane våre på Facebook og Twitter. Vi må ikkje lenger snakke til veljarane våre via ein litt vrangvillig fyr med ustroken skjorte. Den tida er over. Og vi som skriv i avisa, vi blæs oss opp og snakkar om dette som eit demokratisk problem. Men inni oss er vi tomme. Og redde. For vi veit jo at politikarane har rett. Dei klarer seg godt utan oss. Det er verre med oss. Kva skal vi gjere utan politikarane? Intervjue kvarandre og samanlikne norske politikarar med Trump? Det kan vi sjølvsagt gjere, og det har vi allereie gjort ei god stund, men sjølv det blir kjedelig i lengden. 

Så vi treng også dette no. Sårt. Som alle andre, treng også vi dette som vi kan skrive om og snakke om og samle oss om. Dette, som kan roe oss ned:

Ein ny landslagstrenar i fotball. 

Det er han, og berre han, som kan redde oss no. Ein ubarbert svenske i pensjonsalderen. Som har blitt kåra til Sveriges kjedeligaste mann. Og der er konkurransen hard. Ein mann som seier så lite som mulig og aldri smiler meir enn halvvegs. Ein mann som kan samle alle, uansett kven vi er og kva vi trur på og kva vi liker og kvar vi kjem frå og kva vi meiner. Fordi han er ein type som aldri kjem til å ta munnen for full. 

Han kjem aldri til å seie «Make Norway great again». Han kjem aldri til å snakke om å spele med stake eller om å vinne folks hjerte. Han er ikkje sånn. Han drit i hjerta, han skal vinne fotballkampar. Og gjerne spele tråkig fotball. Han kjem aldri til å bli stor i kjeften. Han kjem aldri til å skryte på seg gud. Han kjem aldri til å juble. I alle fall ikkje utan å sjå skikkelig keitete ut. 

Dette er det vi treng. Han er det vi treng. Fordi han minner oss om korleis vi eigentlig vil ha det, fordi han er det motsette av alt som skjer rundt oss akkurat no. 

Viss han i tillegg vinn fotballkampar for Norge, så er det ein bonus. Men ikkje det viktigaste. 

Og dette er kanskje det mest interessante her: Alle de som les dette, trur sannsynligvis at eg tullar. 

Men det gjer eg faktisk ikkje. 

Are Kalvø - 05.02.2017