Hei! Kunne du tenke deg ein håplaus jobb?

Ein må alltid prøve å forstå kva som ligg bak.

Ein bør alltid prøve å forstå kva som ligg bak. Så når folk no diskuterer samanslåing av kommunar og fylke, då kan det vere greitt å tenke på dette: 

 

Ein dag for omtrent tre og eit halvt år sidan, ringde telefonen til han som i dag er kommunal- og moderniseringsminister. Han tok telefonen og sa: 

 

-Hallo?

-Hei, det er statsministeren som ringer. 

-Å hei. 

-Har du lyst til å bli kommunalminister?

-…

-Hallo? Er du der? Eg spurde om du har lyst til å bli kommunalminister.

-Er du fullstendig sjuk i hovudet ditt? Det er ingen som har lyst til å bli kommunalminister.

-Nei, altså…

-Har du nokon gong høyrt nokon seie «Det eg har mest lyst til i verda, er å bli kommunalminister»?

-Ein gong, men han var ganske full og sannsynligvis ironisk. Det var på det landsmøtet i..

-Det har aldri skjedd at eit barn har ropt ut: «Når eg blir stor, skal eg bli kommunalminister!!!»

-Nei, det…

-I så fall håper eg barnevernet blei kontakta umiddelbart. 

-He he. Men…

-Du kan ha lyst på ein ferie eller ein skitur eller biff. Du kan ha lyst til å danse i graset eller stupe frå tiaren. Du kan ha lyst til å kjenne vinden i håret. Du kan ha lyst på ein halvliter i friluft eller ein helgetur til London. Du kan ha lyst til å køyre i open bil tvers over Amerika. 

-Eg trur eg har tatt poenget no. 

-Du kan ha lyst til å bli profesjonell fotballspelar eller popstjerne. Du kan ha lyst til å bli berømt. Du kan til og med ha lyst til å bli ingeniør eller tannlege eller kirurg eller pilot. Du kan ha lyst til å jobbe i kiosk eller restaurant. Du kan ha lyst til å drive eit småbruk, eller eit lite vertshus ved havet.

-Greitt greitt…

-Du kan ha lyst til å bli statsminister eller finansminister eller kulturminister eller utanriksminister…

-GREITT! Eg forstår. Ingen har lyst til å bli kommunalminister. Point taken. Sorry. Det var dumt formulert. Men jobben er i alle fall din, om du seier ja. 

-Det er ingen andre jobbar i regjeringa som er ledige?

-Nei.

-Sikker? Ingen av desse statsrådjobbane der ein får gratulere kongen med dagen eller helse på norske gullvinnarar i ski-VM? 

-Nei. 

-Men trur du kanskje eg kan få ein sånn jobb neste gong? Viss eg gjer det bra no?

-Vi får sjå. 

-Ok. Kva er det jobben som kommunalminister går ut på igjen?

-Du må jobbe veldig mykje med noko som ingen nokon sinne kjem til å snakke entusiastisk om. Dei som er imot det du driv med, kjem til å lage eit helvete absolutt heile tida. Dei fleste er for, men dei kjem stort sett til å halde kjeft. 

-Eg forstår. Og kor lenge skal det vere sånn?

-Alltid. Det er det som er jobben. 

-Nettopp. Og kva er det eigentlig eg må vere god til for å gjere denne jobben?

-Bortsett frå å jobbe veldig mykje med ting som ingen snakkar entusiastisk om? 

-Ja?

-Du må vere god til å delta i debattar utan å falle for freistinga til å seie: «Jamen, så drit i det då».

-Det skal eg klare..

-Eller: «Det var akkurat det Trump sa». 

-Den er verre.

-Eller: «Du er berre sjef i ein rik kommune som ikkje vil dele med andre». Det må du aldri seie. 

-Ikkje eingong om det er sant?

-Spesielt ikkje om det er sant. 

-Kjem folk i det minste til å sette pris på det eg har gjort etter ei stund? 

-Neppe. Men folk kjem sannsynligvis til å gløyme det. 

-Det er då noko. Og du lover altså at eg får ein skikkelig statsrådsjobb neste gong?

-Det har eg ikkje sagt. 

-Kan vi i det minste finne på eit litt betre namn enn kommunalminister? «Reformsjef» kanskje? Eller «Landsbyggar»?  

-Vi veit begge at det er poenglaust. Du kan sminke ein gris, men det er framleis ein gris. Berre at grisen ser ekstra teit ut. 

-Du måtte bruke akkurat det bildet?

-Ja. 

-Kan vi legge på noko ekstra då? Sånn at det blir litt større? Kommunal- og eitellerannaminister?

-Greitt. Vi kan slenge på moderniseringsminister. Ingen forstår kva det betyr uansett. Har vi ein avtale då? 

-Kan eg få tenke på det?

-Nei. 

 

Are Kalvø - 26.02.2017