Stakkars store vesle statsråd

Det er ein skiten jobb å vere statsråd, og av og til berre må ein snakke om utdrikkingslag.

For nokre dagar sidan var det fleire norske politikarar som snakka om utdrikkingslag. Før ein gir seg til å kritisere politikarane for å henge seg opp i filleting, så bør ein merke seg dette: Politikarane har ikkje lyst til å snakke om slikt dei heller. Men dei må. Når denne saka fekk så mykje merksemd som ho fekk, med førsteside i VG og påfølgjande debattar, så var det jo ikkje fordi politikarane ønskte det slik. Men, som Valgerd Svarstad Haugland sa i ein TV-debatt: Kva skal ein gjere då, når VG ringer og stiller eit spørsmål?

Og det er klart, det er der det knip. Kva skal ein gjere?

Hadde endå nokon funne opp maskinar som kan ta imot telefonbeskjedar, eller telefonar som ein ikkje er nødt til å ta. Då hadde alt vore enkelt. Men dit har vi enno ikkje komme. Så ein har ikkje noko val, ein må ta telefonen. Og når ein har tatt telefonen, kanskje blitt forstyrra i eit viktig arbeid - ei kulturmelding ein ikkje heilt får dreisen på, eller noko - og det er VG som spør om utdrikkingslag, kva skal ein stakkar gjere?

Hadde vi endå levd i eit land med eit språk som inneheld ord som »Nei», eller setningar som »Det passar litt dårlig no» eller »Eg er opptatt med noko viktig» eller »Dette er eit emne eg ikkje synest er så vesentlig at eg må ha ei meining om det» eller »Skaff deg eit liv i staden for å plage meg med dumme spørsmål når eg sitt her og prøver å få dreisen på denne kulturmeldinga». Då hadde alt vore enkelt. Men dit har vi enno ikkje komme. Så ein har ikkje noko val, ein må svare.

Og når ein så har sagt noko negativt om utdrikkingslag, så reknar ein jo ikkje med at dei har tenkt å skrive om det. Ein reknar med at dei ringte berre for å slå av ein prat, at det sat ein einsam journalist der i avisa si og fann ut at han hadde lyst til å ringe kulturministeren. »Ho er sikkert også einsam,» tenkte han kanskje. »Ho treng noko anna å tenke på enn denne kulturmeldinga ho ikkje får dreisen på. Eg ringer henne og småpratar litt om utdrikkingslag».

Og når det så viser seg at dei faktisk har tenkt å skrive om det, så er det jo ingen som i sine villaste fantasiar kan forestille seg at dei kan komme til å gjere eit stort nummer utav det. Ingen kan tru at Norges største avis synest det er såpass artig med ein kristen statsråd som kritiserer utdrikkingslag at det vil hamne på førstesida. Ein reknar jo med at VG vil bruke førstesida til situasjonen i Zimbabwe som vanlig, eller spørsmålet om Afrika er kontinentet som alltid kjem i skyggen av konfliktar andre stader, eller eit nærbilde av han interessante gamle matematikaren som fekk Abel-prisen. Ærlig talt: Kristen statsråd mot utdrikkingslag på førstesida? Kva blir det neste? Fleire sider daglig om ein fotballkamp i Danmark? Ja, særlig.

Og når så alt dette har skjedd, fordi ein ikkje har noko val, og nokon ringer for å spørje om du kan tenke deg å seie endå meir om utdrikkingslag på TV, så har du dette problemet med telefonen igjen. Hadde endå nokon funne opp maskinar som kan ta imot telefonbeskjedar, eller telefonar som ein ikkje er nødt til å ta...

Kva skal ein gjere?



Are Kalvø - 11.06.2003