Forza ironia

Silvio Berlusconi har fått mykje og fortent kjeft for sin noko uheldige debut som EU-leiar. Men det er ein ting Berlusconi ikkje har fått nok kjeft for: Han drar ironien ned i søla.

For kva sa han, etter at han hadde samanlikna ein tysk sosialdemokrat med ein nazist? Han sa at det var ironi. Det var det sjølvsagt ikkje på nokon som helst slags måte. Når Berlusconi kallar nazi-samanlikninga ironisk, er det som ein elefant som trampar sønder og saman huset til nokon, og etterpå seier til husverten: «Men herregud då, menneske, har du ikkje sans for humor?»

No må det snart bli slutt på misbruket av ironien. Alle som høyrer til den underlige gruppa menneska som synest dei må ringe ei stor avis og seie frå kvar gong dei ser eit humorinnslag dei synest er rart på TV, alle dei skuldar på den fæle ironien, uansett om det dei har sett er gjørmebryting, ein absurd vits, eller godt gammaldags griseri.

Og alle som seier noko det skal godt gjerast å forsvare, eller får kritikk det er vanskelig å svare på, påstår at dei er ironiske, også når det ikkje er det (særlig då, kanskje, jamfør Berlusconi), og håper at motstandarane skal kjenne seg skikkelig teite.

Kva blir det neste? At opposisjonen hevdar at regjeringas politikk fremjar arbeidsløyse, og statsministeren går på talarstolen og seier: «Eg beklagar det verkelig dersom opposisjonen ikkje har forstått at regjeringas økonomiske politikk er ironisk.»

Kva har ironien gjort for å fortene alt dette? Ironi er eit rasande flott verkemiddel som ikkje fortener å få namnet sitt tilsøla av brune italienarar (Og her snakkar eg om ansiktsfargen, om det skulle vere tvil om det.)

Kva med alle dei andre verkemidla vi lærte om i norsktimane? Kvifor er det ingen som misbruker deira namn? Kvifor skal dei sleppe lettare? Når vi går ut av skulen, forsvinn alle desse verkemidla saman med den stadig slitnare utgåva av «Språk og argumentasjon, VK Eitelleranna», som vi sel vidare til neste kull slik at dei også kan gløyme alt om eit år.

Kva med hyberbol? Er det ikkje på tide at hyperbolen får litt drit? Hyperbolen har sloppe altfor lett i årevis. Er det nokon som i det heile tatt hugsar hyberbolen? Ein hyperbol er eit uttrykk som inneheld ei overdriving. Slik som «tynn som ei nål», «brei som ei låvedør», «brun som ein italiensk EU-leiar» (og det er framleis snakk om ansiktsfargen, naturligvis).

Berlusconi kunne sagt om den tyske politikaren Schultz (eller Schultz-eh, som han sa) at han er «streng som ein nazist», for eksempel.

Og etterpå kunne han sagt: «Det var ein hyperbol! Dersom de ikkje forstår hyperbol, så beklager eg det.»

Eller han kunne sagt at Schultz er «streng som ein rasistisk nazistisk nazist». Dermed hadde han også tatt i bruk ein pleonasme (opphoping av liketydige uttrykk, for eksempel «rund sirkel», «uladd pistol utan patronar», «brun italiensk EU-leiar utan kontroll»).

Så kunne han slått ut med armane og sagt: «Men i alle dagar, forstår de ikkje verken pleonasme eller hyperbol?! Og de kallar dykk eit parlament?!»

Med Berlusconi har misbruket av ironien nådd botnen. Det er nok no.

La dette bli pleonasmens og hyperbolens sommar.

Eg gjer merksam på at dersom overskrifta «Forza ironia» ikkje er korrekt italiensk, så er det ironisk meint.

Are Kalvø - 07.07.2003