Alle talars mor

Den definitive, absolutte, totale politikartalen. Les du dette, slepp du å følgje med i valkampen.

Alle drøymer sjølvsagt om å få med seg absolutt alle talane i ein valkamp. Dessverre er det umulig. Nesten umulig, i alle fall. Ved å lese talen som står i denne artikkelen, og variere mellom alternativa, vil du sannsynligvis få med deg innhaldet i alle årets valtalar, frå alle partia. Du vil få med deg kva som er kampsakene, og du vil få med deg kva som skiljer partia frå kvarandre.

Eller for å seie det på ein annan måte: Les du denne talen, så slepp du å følgje med:


Kjære a) alle saman b) alle frammøtte c)begge to.

Det er hyggelig at a)så mange b)såpass mange c)nokon som helst har funne vegen hit i dag. Når eg står her og ser utover a)denne folkemengden b)denne byen c)dette kontoret, så blir eg minna på a)kven som er valkampens hovudpersonar b)denne byens stolte historie c)at eg kanskje skulle sett på meir kaffi. Dette er a)ein historisk dag b)dykkar sjanse til å seie frå c)utrulig sterk kaffi. På ein slik dag er det lett å bli fylt av a)stoltheit b)kamplyst c)wienerbrød. Vi står framfor eit val, eit val som først og fremst vil vere eit a)vegval b)verdival c)kommuneval. Ein slik valkamp skal vinnast i kommunane, hos dei menneska som kjenner politikken på a)kroppen b)lommeboka c)lukta, og ikkje i Akersgata. Valkampen skal vinnast med saker, ikkje mediefrieri. Den første saka eg vil seie noko om er slankepress og kjøpepress. Ikkje fordi det står eit stort oppslag om dette i VG i dag, men fordi dette er ei sak som a)partiet vårt har jobba med lenge b)hastar c)opptar folk flest. Vi meiner at slankepress og kjøpepress er a)feil b)dumt c)noko vi må leve med.

Når det er sagt, så er det viktig å understreke at vi ikkje skal la førstesidene i VG bestemme kva vi skal bruke tid på i denne valkampen. Vi skal ikkje vinne dette valet på populisme. Vi skal vinne dette valet fordi vi har a)den beste politikken b)den beste politikken c)den beste politikken, og ikkje fordi vi, som enkelte av våre motstandarar, er mest opptatte av å a)skjelle ut våre motstandarar b)skjelle ut våre motstandarar c)skjelle ut våre motstandarar. I motsetning til dei andre partia, er vi opptatte av å sikre landet vårt det som er viktigast av alt, nemlig ein god a)skule b)skule c)skule.

Og ikkje berre det, vi er også opptatte av å sikre våre eldre ein a)god eldreomsorg b)verdig alderdom c)tur til Syden utan returbillett.

For at dette skal vere mulig må kommuneøkonomien vere a)god b)stabil c)bra. Derfor ønsker vi i vårt parti at dei kommunane som ikkje er i stand til å gi sine innbyggarar det tilbodet innbyggarane har rett på, dei kommunane skal få a)pengar b)kjeft c)lov til å gjere akkurat som dei vil.

Som a)Henrik Ibsen b)Odd Børretzen c)Oscar Wilde sa: ”Du skal ikke tåle så inderlig vel”. Eg trur dei fleste kan skrive under på at dei orda er ei presis skildring av den situasjonen landet vårt er i, ein situasjon vi ikkje kan komme oss ut av utan å vise a)ansvarligheit b)musklar c)asylsøkarane at dette ikkje er eit land for gullgravarar og lykkejegarar.

Dette handlar om framtida for våre barn. La dei andre partia prate og tulle. Vi har forstått at dette er alvor. Etter talen er alle velkomne til partiets a)rutsjebane b)go cart-konkurranse c)trampoline.

No er resten opp til dykk.

a)Godt val b)Takk for frammøtet c)Skal eg sette på meir kaffi?



Are Kalvø - 20.08.2003