Den dagen gløymer eg aldri

Ein dag vakna eg og var sportsjournalist.

Eg merka med ein gong at noko var gale, men eg visste ikkje kva det var. Ikkje før eg stod på sjappa på hjørnet for å bestille min faste kopp kaffi på veg til jobben.

«EIN DOBBEL LATTE!!» ropte eg.
«Kvifor ropar du?» spurte ekspeditøren, rimelig nok.
«EG ANAR IKKJE», ropte eg minst like høgt. «Men dette er ikkje tida for å stille spørsmål. Dette er ikkje tida for å dvele ved det som har skjedd. Dette er tida for å ta tak. For å samle seg. For å sjå framover. For å sjå utfordringane i kvitauget og stake ut ein kurs.»
Ekspeditøren såg rart på meg.
«Skal du ha med deg kaffien?» spurte han.
«JA!» ropte eg så høgt at han mista kaffien i golvet.
Det var då det gjekk skikkelig gale.

«Det er nettopp dette,» ropte eg så alle kunne høyre meg. Eg ropte og peikte på stakkaren som hadde mista kaffien. «Det er nettopp dette som er situasjonen i dag. Sjå på dette, folkens. Sjå godt på dette bildet. Kan ein finne ein betre illustrasjon på den sørgelige tilstanden landet vårt er i, enn denne mannen som står på kne for å tørke opp sitt eige søl? Kan ein tenke seg eit meir presist uttrykk for tilstanden i norsk kaffiservering no? Er det rart at publikum er utålmodige? Er det rart at publikum vil ha noko nytt, at publikum skrik etter ein ny serveringsstil? Vi må stikke fingeren i jorda og spørje oss om ikkje dette kunne ha vore unngått med andre taktiske disponeringar, om ikkje dette kunne vore unngått om han hadde våga litt meir i serveringsøyeblikket? Utlendingane ler av oss og kallar denne serveringa feig og primitiv. Vi må ete i oss stoltheita vår og spørje oss om dei kanskje har rett.»
Dei andre kundane begynte å bli urolige.

«Slapp av», sa ein av dei. «Det er berre kaffi.»
«Det er berre kaffi», gjentok eg med dobbel styrke. «Det er nettopp slike holdningar som gjer at vi står på kne i Norge i dag, at vi ligg på golvet med filla i handa i vårt eige søl, og ikkje er der oppe og et kirsebær med dei store. Det er nettopp desse holdningane vi må riste av oss om vi skal ha noko håp om å nokon gong igjen kunne stå oppreist i eit lokale fritt for søl, fullt på høgde med dei beste i Europa, der vi synest vi høyrer heime, der vi har vist at vi høyrer heime. Men då held det ikkje å seie «Det er berre kaffi». Her må det ei holdningsendring til, og ein må inn med holdningsskapande arbeid allereie på aldersbestemte lag, elles er vi dømt til å stå på kne og tørke vårt eige søl for all framtid.»
Det er første gong eg har blitt kasta ut av ein kaffibar. Eg kjende meg forhatt, upopulær. Vanligvis ville det vore pinlig. Denne dagen syntest eg det var kjempestas.

Den kvelden skulle eg på fotballkamp. Og eg visste at uansett kva som skjedde, så skulle eg i alle fall ikkje kose meg.


Are Kalvø - 25.11.2003