Tuklarane

I eit hòl i bakken budde det ein tuklar. Ikkje eit spesielt møkkete og ekkelt hòl. Heller ikkje eit tørt og nake hòl. Det var eit tuklarhòl, og det betyr at det var rotete der. Og at lufta var heller dårlig.

Hòlet hadde ei trillrund dør som opna seg inn til ein tunnel: Ein svært lang tunnel som gjekk nesten heilt inn til åssida, og mange runde dører opna seg frå tunnelen, først på den eine sida og så på den andre. For tuklaren var det ikkje nødvendig å gå i trapper. Det var ikkje nødvendig å gå i det heile tatt. Han kunne trille dit han ville på den slitne kontorstolen sin. Soverom, bad, kjellar, spiskammer, garderober, kjøkken, alt låg i same høgd og faktisk ut mot den same gangen.

Denne tuklaren var ein veldig velståande tuklar, og han heitte Lusketuklaren. Lusketuklarane hadde budd her i lange tider, og folk såg opp til dei, ikkje berre fordi dei var velståande, men også fordi dei aldri la ut på eventyr eller gjorde noko uventa: Du kunne vite kva ein tuklar ville seie til eit kvart spørsmål utan å ta bryet med å spørje han.
Spurte du til dømes tuklaren om Michael Jackson, ville han trulig ta den om kvifor Jackson ringte Boys II Men (fordi han trudde det var eit lånefirma). Eller han ville seie noko om Monkey Business. Eller han ville berre sette seg ned framfor PC-en sin og gitt seg til å tukle med eit bilde av Michael Jackson. Og medan han tukla ville han ledd denne latteren som tuklarane er så kjente for.

Kva er ein tuklar? Eg går ut frå at det er nødvendig å skildre tuklarane aldri så lite, sidan dei er så sky. Dei er eit lite folk. Om lag halvparten så høge som oss. Det er fordi dei sitt på kontorstolar heile tida. Tuklarar har ikkje skjegg. Berre tjafsar. Dei har lett for å bli tjukke rundt magen; dei kler seg i klare fargar, har bleike andlet, lange flinke fingrar og ler djupt og fyldig. No veit du nok til å begynne med.

Tuklarane sit nede i hòla sine og ventar. Og så snart det skjer noko, så snart kongen blir sjuk eller Michael Jackson blir arrestert eller Åge Hareide blir landslagstrenar, så går dei til arbeidet med liv og lyst. Klar, ferdig, tukl! seier dei. Dei sitt der på kontorstolane sine, klør seg litt i tjafsane sine, ler dei djupe latterane sine og tuklar og tuklar. Dei beste tuklarane, slike som Lusketuklaren, er veldig raske. Slik at det ofte ikkje går meir enn nokre minutt før folk der oppe på bakken, over hòla, begynner å få meldingar til telefonane sine og PC-ane sine. Vitsar om ting som nettopp har skjedd. Om likskapen mellom Michael Jackson og ein handlepose (begge er laga av plast og er farlige for barn). Bilde av Åge Hareide som gjer utenkelige ting.

I nokre sekund lurer vi kanskje på kvar desse meldingane kjem frå. Vi har kanskje fått dei frå nokon vi kjenner. Men kvar har dei fått det frå? Dei første gongane ser vi oss rundt. Lurer litt. Spør: Kven er det som lagar alle desse vitsane? Kven er det som tuklar med alle desse bilda? Så lurer vi ikkje meir. Så smiler vi litt og sender det vidare.

Neste gong noko skjer, og du veit at du vil få vitsemeldingar og bilde det er tukla med, og du veit kva som kjem til å stå i meldingane og korleis bilda kjem til å sjå ut, for tuklarane gjer aldri noko uventa, då skal du legge øyret til bakken der du står.

Kanskje høyrer du ein djup og fyldig latter.


Are Kalvø - 01.12.2003