Den alvorlige spøken

Det blei ein tung dag. Tyngre enn han hadde venta seg. Mykje tyngre enn han hadde trudd då han inngjekk veddemålet. Dette er historia om kontorspøken som gjekk for langt. Dette er historia om »Geir».

Det blei ein tung dag. Tyngre enn han hadde venta seg. Mykje tyngre enn han hadde trudd då han inngjekk veddemålet. Dette er historia om kontorspøken som gjekk for langt. Dette er historia om »Geir».

Vi kallar han »Geir», mykje fordi det faktisk er det han heiter, men også fordi det er eit kort og greitt namn. Så la oss kalle han »Geir». Eller »Helljesen». Eller begge deler, i ei eller anna rekkefølgje. »Helljesen Geir», for eksempel.

Geir hadde hatt den same jobben lenge. Han var populær og respektert. Folk såg på han som kunnskapsrik og god til å formidle. Men ein dag blei han bråkjekk. Det skulle komme til å koste han helsa. Før ei valsending hausten 2003 kom han i skade for å seie at han kunne gjennomføre heile valsendinga utan å gjere ein einaste feil.

Dei yngre kollegaene hans, som tok litt lettare på småfeil, sa at det er umulig å gjennomføre ei heil valsending utan å gjere ein einaste feil.

»Veit du kor lang desse sendingane er eller?» spurte dei.

»Om eg veit? Hallo? Er det nokon som veit det, så er det vel meg.»

Det enda med at dei vedda. Dersom Geir sa noko feil i løpet av sendinga skulle kollegaene få lov til å gjere det dei ville med Geir i eit heilt døgn.

Klokka 2319 skjedde det. Geir sa at ei bygdeliste i Sogn og Fjordane låg an til å få 0,7% av stemmene. Bygdelista fekk 0,6%. Geir hadde tapt.

Geir hadde gløymt heile veddemålet då telefonen ringte natt til onsdag denne veka.

»Tid for å betale tilbake,» sa stemma i telefonen. Det var ein av dei yngre kollegaene som hadde nattevakt. »Det neste døgnet er du vår».

Då hugsa Geir alt. Og han trudde han var klar. Han trudde han skulle vere kar for å takle utfordringane til kollegaene. Men han var ikkje førebudd på det som venta han.

»Du skal ut,» sa kollegaen.

»Ut? No? Det er midt på natta»

»Vi veit det.»

»Dessutan er det femten minus.»

»Vi veit det også. Du skal stå ute lenge. I mange timar. Så lenge som vi bestemmer.»

»Kva skal eg gjere ute då? Skal eg berre stå der?»

»Nei, du skal prate.»

»Om kva då?»

»Ingenting.»

Geir tenkte seg om.

»Det kan eg klare,» sa han.

»I ti timar i strekk?»

Geir kjente at han begynte å bli redd.

»Ti timar?»

»Minst. Og du? Alt blir sendt direkte på riksdekkande fjernsyn.»

»Er dette eit slags freak-show? Eit slags reality-show?

«Det kan du kanskje seie.»

»Filme ein mann medan han snakkar samanhengande om ingenting og sakte frys til is? I ti timar? Det høyrest ut som noko Kristopher Schau kunne funne på?»

»Vel, dette er ikkje Schau. Dette er dine gode kollegaer som vann eit veddemål."

Geir blei plassert framfor Rikshospitalet. Der stod han. Han fraus meir og meir. Han snakka og han snakka. Då han trudde at alt var over og han skulle få gå heim, blei han beden om å reise til Skaugum og stå utandørs der i staden. Til slutt, etter at han hadde stått utandørs i seksten timar og prata om ingenting i femten minus, blei han sett til å intervjue kongeparet. Det var midt i det første spørsmålet han tenkte: »No har denne spøken gått langt nok». Dette var verre enn utdrikkingslaget frå helvete.

Det einaste som gjorde at Geir kom seg gjennom dagen, var kjensla av å ikkje vere åleine. Både på Rikshospitalet og Skaugum var han omgitt av folk som også hadde tapt veddemål på arbeidsplassen. Her var han som gjorde det svakast i ein spørjeleik på julebordet og som straff måtte stå i eit rom fullt av kollegaer og spørje kronprinsen om han har skifta bleie nokon gong. Her var ho som hadde dumma seg ut under ein selskapsleik på eit seminar og måtte møte opp på pressekonferansen og konsekvent stille det same spørsmålet som den forrige reporteren stilte. Han høyrde folk fortelje om dei som tapte loddtrekninga og måtte følgje etter Sven O. Høiby til Kjevik.

Samholdet varma litt. Men ikkje nok. Han hostar framleis. Det vil ta tid å komme over dette.

Are Kalvø - 26.01.2004