Alt og ingenting

Dagfinn Høybråten har som kjent satsa på at dersom han berre snakkar med rolig stemme, så vil ingen legge merke til kor kristen han er.

Dagfinn Høybråten har som kjent satsa på at dersom han berre snakkar med rolig stemme, så vil ingen legge merke til kor kristen han er. Han har slite litt med å halde stilen gjennom heile debatten om Misjonsforbundets homofilisyn den siste veka. Men han har klart det. Og mykje tyder på at han kjem til å klare det også i tida framover. For homofilisynet er ein ting. Vi kan avsløre at Misjonsforbundet har svært strenge retningslinjer også på mange andre felt. For eksempel står det, i utvetydige ordelag, på eit papir vi fann i lokala til Misjonsforbundet:

Du skal ikkje stele.

Opposisjonspartia på Stortinget har reagert kraftig på dette. SV meiner slike retningslinjer vitnar om ein manglande vilje til å forstå dei djupareliggande årsakene til kriminalitet. Framstegspartiet, på si side, synest ikkje Misjonsforbundet går langt nok. Dei minner også om at mulla Krekar godt kan utvisast, utan at det har så mykje med saka å gjere.

Vi møter Dagfinn Høybråten på ein stein i det fri (Høybråten insisterer på denne møteplassen). Han er lite villig til å snakke om steling.

-Steling er eit teologisk spørsmål, seier han. -For meg er det viktig å skilje mellom teologi og politikk.

Høybråten serverer oss ein kopp kaffi og viser oss utsikta før han held fram:

-Det er viktig å skilje mellom desse tinga. Steling, lyging, drap, asen-misbruk. You name it. Alt dette er religion. Det er teologi. Har ingenting i politikken å gjere.

Høybråten smiler.

-Det same gjeld spørsmålet om straff for kriminalitet. Der står det mykje i Bibelen som folk tolkar ulikt, så det skal heller ikkje vi som politikarar legge oss opp i.
-Men det betyr at Kristelig Folkeparti ikkje kan snakke om kriminalitetspolitikk i det heile tatt?
-Heilt korrekt, seier Høybråten. Han ser nesten stolt ut.
-Og ikkje nok med det, seier han med eit guteaktig smil og legg ei hand på skuldra mi. –Vi bør heller ikkje uttale oss om andre stridsemne som Bibelen eller andre heilage skrifter seier noko om. Midtausten-konflikten. Innvandring. Økonomi. Kultur. Slike ting.
-Men det betyr vel at Kristelig Folkeparti ikkje kan snakke om politikk i det heile tatt?
-Heilt korrekt igjen. Vi er eit verdiparti. Vi kan ikkje snakke om politikk. Eller om teologi.
-Men kva skal du drive med då? Kva skal du snakke om då?
-Dette, seier han og gjer ei uklar armrørsle.
-Kva då dette?
-Alt.
-Alt?
-Og ingenting.
-Alt og ingenting?
-Og så har eg tenkt å bruke mykje tid på å understreke at det er viktig å vere i kontakt med naturen og leve sunt. Og så skal eg vere ryddig på håret.
-Har du tenkt å basere deg på å seie svevande ting om alt og ingenting og å vere ryddig på håret?
-Ja, seier Høybråten, trekker pusten og ser utover landskapet. –Det har då fungert bra for Bondevik, synest du ikkje?

Are Kalvø - 09.02.2004