Klar, ferdig, plystr!

Korleis skal dei i regjeringa oppføre seg dersom dei tilfeldigvis møter nokon frå Hamas på gata?

Regjeringa har sendt ut følgjande skriv til alle sine medlemmer i samband med at fleire representantar frå Hamas kjem til Norge i mai:

1: Korleis skal vi i regjeringa oppføre oss dersom vi tilfeldigvis møter nokon frå Hamas på gata?
Gå forbi og lat som ingenting.

2: Korleis skal ein late som ingenting dersom ein tilfeldigvis møter nokon frå Hamas på gata?
Her er det viktig å ikkje gå forbi på ein demonstrativ eller hånlig måte, for eksempel med hovudet løfta, haka fram eller blikket festa på eit punkt på himmelen. Men ein må heller ikkje gå forbi på ein overdrivent vennlig måte. Smil og nikk må ikkje førekomme, heller ikkje frå SVarar.

3##: Kan ein plystre når ein skal late som ingenting dersom ein tilfeldigvis møter nokon frå Hamas på gata?¤¤
Ein bør vere varsam med plystring. Plystring kan bli lett bli oppfatta som hånlig (jfr. pkt. 2) eller vennlig (jfr pkt. 2), alt etter kva song ein plystrar.

4: Kva song skal ein plystre dersom ein må plystre for å kunne late som ingenting på ein nokolunde truverdig måte dersom ein tilfeldigvis møter nokon frå Hamas på gata?
Melodien ein plystrar må ikkje vere av israelsk eller palestinsk opphav eller frå land som støttar den eine av partane i konflikten eller frå land som har politikarar som har uttalt seg på eit lågare presisjonsnivå enn Jonas Gahr Støre i spørsmål som har med okkupasjon, murar, historie, religion, respekt, boikott, appelsinar, karikaturar, bomber, hevn, frigjeringskamp, korrupsjon e.l. å gjere.
Songen ein plystrar bør med andre ord vere norsk, og av ein artist som er mest mulig nøytral og uprovoserande. Bjørn Eidsvåg, for eksempel. Men ikkje ”Mysteriet deg”. Ikkje fordi ”Mysteriet deg” har noko med konflikten i Midtausten å gjere, men fordi ”Mysteriet deg” er ”Mysteriet deg” og rett og slett ikkje bør plystrast. Uansett.

5. Kva skal ein gjere dersom personen frå Hamas som ein tilfeldigvis møter på gata kjenner ein igjen og identifiserer ein som eit medlem i den norske regjeringa, for eksempel med replikken: ”Er ikkje du med i den norske regjeringa?”?
Det kjem an på kven ein er. Er ein for eksempel samferdselsminister eller fornyingsminister, bør ein vere fornøgd med at nokon i det heile tatt kjenner ein igjen. Er ein utanriksminister veit ein kva ein skal seie. Er ein utviklingsminister skal ein seie det same som utanriksministeren men med eit rart smil, som vanlig. SV-arar må forklare at dei er med i den norske regjeringa, men at det ikkje tyder at ein nødvendigvis støttar alt den norske regjeringa står for, men at det heller ikkje tyder at ein støttar dei kreftene i SV som ikkje støttar regjeringa i det heile tatt og som uttaler seg på vegner av partiet eller deler av partiet, for eksempel eit lokallag eller ei ungdomsgruppering, og ikkje på vegner av regjeringa som SV er med i og ikkje nødvendigvis støttar.
Plystring kan kanskje vere eit godt alternativ også i dette tilfellet.

Om ikkje Hamas skjønnar kvar vi står no, så gjer dei det aldri.

Lykke til!

Are Kalvø - 22.04.2006