Folket, det er oss

No er eg lei. Lei av alle som snakkar nedsettande om Frp-arar som liker sydenturar og grandiosa.

Lei lei lei.

Det er unødvendig. Det er dumt. Det er fordomsfullt. Og det er feil.

Og då tenker eg ikkje på kulturfolk som snakker nedsettande om FrP-arar. Alle veit at kulturfolk ikkje liker FrP. Og alle veit at FrP-veljarar neppe får samanbrot om dei får vite at vokalisten i Madrugada sa til ei middels stor avis for nokre år sidan at han ikkje stemmer FrP. Og alle forstår at så lenge alle som ikkje stemmer FrP insisterer på å heile tida diskutere kvifor alle andre stemmer på FrP, så vil det nødvendigvis bli mykje snakk om FrP, noko FrP sansynligvis tener på. I alle fall så lenge jobben deira er å møte opp i eit tv-studio og vente til motstandarane deira blir sinte, moralske og ufordragelige. Noko som skjer ganske fort dersom motstandarane dine er for eksempel Per Fugelli eller Vibeke Løkkeberg. Alle ville tene på å ha slike motstandarar.

Men det er ikkje dette eg tenker på. Eg tenker ikkje på byfolks forakt mot bygdefolk heller, eller utdanna folks forakt mot dei uutdanna. For slik forakt går begge vegar, og begge partar har som regel rett.

Og bygdefolk klarer seg alltid. Kulturfolk også, på sitt vis. Og Frp klarer seg i alle fall.

Så alt dette er greitt.

Men kvifor i svarte svingande heitaste skal ein alltid trakke på grandiosaen og sydenturismen i slike diskusjonar?

Kva har sydenturen gjort for å fortene dette? Og ferdigpizzaen? Det er jo snart ikkje mulig å kjøpe ein ferdigpizza eller bestille ein sydentur i dette landet utan å bli tatt for å vere FrP-veljar? Kvifor skal skikkelige, flotte folk som liker ein pizza og ein fest og ein tur til Mallorca bli dratt ned i søla på denne måten? Det finst folk som skammar seg over å bestille sydenferiar på grunn av dette. Som synest dei i alle fall må forklare seg. Skulde på ungane. Det er så praktisk og greitt når ein har små barn, seier dei for eksempel. Det er då ikkje meining i slikt.

Kvifor skal ein alltid komme trekkande med sydenturar og ferdigpizza når det er snakk om FrP?

Det er unødvendig. Det er dumt. Det er fordomsfullt. Og det er feil.

Er det fordi sydenturar og ferdigpizza er populært?

Neppe. Madrugada er også populære. Dei er ikkje spesielt FrP-aktige.

Er det fordi det blir oppfatta som folkelig?

I så fall er eg no lei, lei, lei av at ein klistrar FrP på alt som er folkelig. Det er heilt meiningslaust at dei skal få eineretten på alt som er folkelig. Folk flest stemmer ikkje på FrP. Og FrP fortener heller ikkje eineretten på folkelig mat, folkelig moro og folkelige feriar.

Er det fordi eliten ikkje driv med slikt?

Nei. Den gruppa som verkelig er avhengig av ferdigpizza, som neppe ville overlevd utan, er studentane. Dei lever på grandiosa. Dette er landets kommande akademiske elite. Dei som i framtida skal snakke nedsettande om andre.

Nettopp.

Så slutt med dette no. Ta pizzaen tilbake.

Are Kalvø - 21.04.2007