Topp-toppmøte

Vi har referatet frå det einaste verkelig viktige internasjonale møtet i Norge denne veka.

Som vanlig under internasjonale politiske storhendingar i Norge, blei det også under NATOs utanriksministersamling halde eit møte i Foreninga For Ministrar Som Er Nødt Til å Reise Til Norge Av Og Til (FFMSENTåRTNAOT, eng: UFLP). Vi har fått tak i referatet frå møtet, skrive av Condoleezza Rice. Mange vil kanskje stusse over at Rice har skrive referatet på nynorsk. Men Rice kan faktisk nynorsk. Ho gjennomførte nemlig eit nynorskkurs under ein pause i samtalane i med Jonas Gahr Støre på torsdag. I den same pausen lærte Støre seg flamsk, hekling og ein for lengst utdøydd andalusisk kampkunst.

Møte i Foreninga For Ministrar Som Er Nødt Til å Reise Til Norge Av Og Til (FFMSENTåRTNAOT), Oslo, april 2007.

Innkallinga blei godkjent.

Underteikna, Condoleezza Rice, blei valt til referent sidan dette er hennar første offisielle besøk og det alltid er ferskingane som får referentjobben. Dessutan var det brei semje om at det var ein fordel med Condoleezza Rice som referent, sidan ho er den einaste som klarer å stave namnet Condoleezza Rice.

Første sak: Korleis kan vi få norske statsministrar til å forstå at det er ein dårlig idé å vise fram utsikta frå statsministerkontoret sitt til alle utanlandske gjestar?
Denne saka har vore oppe på alle tidligare møte i foreninga. Tidligare har det vore eit håp om at denne skikken vil bli avskaffa berre ein får skifta statsminister, men det har vist seg å ikkje slå til. Fleire veteranar på møtet meinte at tida no snart må vere inne for handling, og at nokon rett og slett må fortelje den norske statsministeren at dei fleste som besøker Norge har vore innom halvhøge hus før og at utsikta over Oslo frå eit halvhøgt hus ikkje er spesielt imponerande.
Liknande forslag har vore framme på desse møta før, men det har vist seg vanskelig å finne frivillige til å snakke med statsministeren, då dette med å vise fram utsikta frå kontoret ser ut til å vere veldig viktig for norske statsministrar. Fleire av møtedeltakarane meinte at dette med å vise fram utsikta må vere ei av dei svært få gledene ein har som norsk statsminister.
Underteikna spurde om det ikkje kunne tenkast at norske statsministrar heilt av seg sjølv ville forstå at dette er ein dum skikk. Underteikna blei møtt med latter og ein del ærlig talt heilt unødvendige utbrot av typen ”Forstår at det er første gongen du er her.”
Saka blei utsett til neste møte på grunn av mangel på frivillige, som vanlig.

Andre sak: Går det an å seie nei takk til å treffe kongen?
Igjen ei sak som har vore oppe mange gonger før. Fleire gav uttrykk for at dei får lite igjen for desse møta, og at kongen sjølv sikkert har lyst til å sleppe. Ingen har til no våga å seie nei, av frykt for at straffa kanskje er endå ein tur for å sjå på utsikta frå statsministerkontoret.
Saka blei utsett på grunn av mangel på frivillige, som vanlig.

Tredje sak: Lagt fram av underteikna. Burde ein ikkje i eit såpass moderne land som Norge sleppe politiske kommentarartiklar om høge hælar når ein er kvinnelig utanriksminister?
Saka blei møtt med einstemmig latter.

Møtet blei heva i godt humør.

Koz,
C. Rice.

Are Kalvø - 28.04.2007