Kald kaffi-problematikken

Her om dagen fekk eg ein kopp kaffi som berre var halvvarm. Kelnaren verka litt trøytt også.

Normalt er ikkje dette noko eg ville tatt opp i denne spalta. Men vi som skriv i avisa må passe på å gjere noko anna enn det normale av og til. Vi må heile tida utvikle oss. Heile tida overraske. Det er viktig å ikkje stivne i forma. Publikum er ikkje til å stole på. Om du ikkje er våken så sit du der utan lesarar som Dagbladet eller utan sjåarar som TV3. Den teknologiske utviklinga rasar avgarde. Dagens ungdom har høgare krav og andre medievanar prega av ein kvardag full av edb og telefaks.

Normalt ville eg ikkje skrive om ein kopp halvvarm kaffi. Normalt ville eg sjølvsagt skrive om Melodi Grand Prix i dag. Og sannsynligvis ville eg skrive noko spydig om tufsane som meiner at Norge blei slått ut i semien fordi austeuropearar er teite, og ikkje fordi Norge stilte med ein song i ein sjanger som blei umoderne for atten år sidan, framført av det einaste mennesket i verda med engelsk som andrespråk som ikkje klarer å uttale ordet ”you”.

Normalt ville eg skrive det. Men – ta da! – i staden overraskar eg med halvvarm kaffi og ein trøytt kelnar. Eg prøver stadig å overraske slik. Og då prøver eg å hente tips frå dei beste. Dei som har overlevd i medie-Norge lenge. Eg er ikkje ein av dei. Eg er ikkje eingong nesten ein av dei. Eg har ikkje fylt førti. Eg har ikkje intervjua statsministrar. Eg har nesten aldri vore på hemmelige presseklubbar der du må ha pressekort eller lyst til å ligge med ein veteran frå Akersgata for å sleppe inn. Eg har så mykje å lære. Av dei største.

Derfor skriv eg om at eg fekk ein kopp halvvarm kaffi av ein trøytt kelnar. Eg har nemlig merka meg at også dei største norske skribentane av og til skriv om små ting. Det som er med små ting, er at dei blir skikkelig store når det er medieveteranar som skriv om dei. Slik kan det kvardagslige og private bli nasjonale saker.

For eit par dagar sidan skreiv for eksempel VGs politiske redaktør Olav Versto ei spalte i avisa si om at her om dagen var han på veg til jobb, men då var Østeråsbanen forseinka. Dette gjorde Olav sint, og så skreiv han om det. Du tenker kanskje at det er litt smått. Eller at det må vere av noko avgrensa interesse for lesarane hans i Langevåg og Vefsn. Men nei, når han skriv om det, då blir det stort. Fordi han er politisk redaktør. Han har tyngde. Når han skriv at t-bana var forseinka, så handlar det om heile vår tid. Vår tilstand. Om vanstyre. Og det handlar om ny teknologi. For dette stod nemlig i ei spalte som VG kallar ”bloggen”, der veteranar ofte skriv om ting dei har opplevd på veg til jobb. Blogg er noko som finst på internett, men når VG skriv blogg over ein tekst om t-bana i ei papiravis, så blir det nesten som å lese avisa og vere på internett samtidig. Det beste frå to verdenar.

Facebook.

Sånn. No blir denne spalta nesten som å vere på Facebook.

Og det at eg fekk servert halvvarm kaffi av ein trøytt kelnar her om dagen, blir noko mykje meir og noko mykje større enn ei kvardagslig hending. Eg veit ikkje heilt kvifor eller korleis. Men du kan jo gå inn på internett. Ikkje det at du finn meir om denne saka der, altså. Men då er du i alle fall på internett.

Det er ikkje dårlig berre det.

Are Kalvø - 12.05.2007