Reke eller ingenting

Det kan kanskje verke underlig at Bill Clinton valde å ete reker med Kjell Inge Røkke då han hadde litt tid til overs i hovudstaden denne veka.

Bill Clinton er ein populær mann. No skal det jo ikkje mykje til for å bli populær som amerikansk kjendis-politikar i Norge. Det held lenge å gå, smile og ikkje vere George W. Bush. Men sjølv til amerikanar som ikkje er Bush å vere, så er Clinton veldig populær i Norge. Spesielt mellom foredraga. Han er sjølvsagt såpass populær at han kan velje sjølv kven han har lyst til å bruke tid på. Derfor kan det med Røkke verke litt rart.

Det blir litt mindre rart når ein les gjennom dei andre tilboda han har fått:

Mr. Clinton.
24/5 2007 går den tradisjonsrike Lyre- og Jolle-festivalen av stabelen i Lyskebekk. Dette er den fjerde gongen Lyre- og Jolle-festivalen blir arrangert, og tidligare år har vi hatt besøk av mellom anna artistar og statssekretærar, og den lokale trubaduren Bertil Hageseter!!
Vi ville sette veldig stor pris på om du kunne opne festivalen for oss i år. Vi veit at du skal vere i Norge i denne perioden og håper du kan ta deg tid til å stikke innom.
Vi byr på kaffi og kaker og kanskje sol.
Helsing Lyre- og Jollefestivalen,
Bertil Hageseter, leiar.

Hei!
Vi er ein liten gjeng som møtest for å fortelje gode historier, gjerne med noko godt i koppen, om du forstår kva vi meiner. Hadde vore veldig tøft om du kunne stikke innom og dra den om Lewinsky.
Helsing Verdens Gang.

Kjære Bill.
Vi er ein gjeng som driv eit slags fotball-lag. Hadde vore veldig fint om du kunne tenke deg å sponse oss.
Helsing alle oss i Odd Grenland.

Mr. Clinton.
På vegne av utanriksdepartementet ønsker vi å gjøre Dem oppmerksom på at Norges Utenriksminister Jonas Gahr Støre har mulighet til å møte Dem onsdag mellom 1713 og 1715. Han har satt av hele denne perioden til Dem og regner med å rekke over klimapolitikken, AIDS, Afrikas fremtid, Nordområdene, Midtøsten og lunsj. Vi vet at det er litt spesielt med lunsj såpass sent, men utenriksministeren er ikke så opptatt av det formelle.
Fung. spes. underdir.
Utenriksdepartementet.

Bill Clinton!
Du har kanskje høyrt om loffpoesidagane i Spokn? Ikkje? Då har du sjansen no! Vi har loffpoesiarrangement alle dei dagane du er her. Du er hjertelig velkommen!
Helsing loffpoesidagane i Spokn,
Bertil Hageseter, leiar.

Bill!
Reke?
Røkke!

Are Kalvø - 26.05.2007