Mykje grums, gitt

La oss lære av dei beste, del IXV.

Det er viktig å ha noko å strekke seg etter.
Eg har vanka skammelig lite på presseklubbar i mitt liv, og eg hadde berre såvidt begynt å drikke då Gro Harlem Brundtland blei statsminister. Så ein kan trygt seie at eg har ein del å gå på i forhold til veldig mange andre som skriv i aviser. Men eg prøver heile tida å lære av dei beste.

I det siste har ein debattert kvar grensene går for omtale av private forhold i politikarbiografiar. Dei fleste erfarne folka som skriv i aviser har nytta dette høvet til å drøfte etikk i kommentarartiklar der hovudpoenget eigentlig er å skryte av kor mykje snusk du veit om men aldri har skrive om, og kor tett på landets mektigaste politikarar du har vore.
Eg ønsker å lære av dei beste, så her er mitt forsøk:

”Det som kjem fram i denne biografien er ikkje nytt. Alle som jobba med politikk på denne tida, visste om dette. Alle journalistane visste om det. Eg visste om det. Eg visste nok om det i større grad enn mange andre. Det var sannsynligvis eg som visste mest om det. Det var mange som visste mest om det. Men eg visste mestast. Det var som regel meg politikarane kom til når det var noko.
Men vi skreiv ikkje om det. Kanskje burde vi det? Kanskje ikkje? Eg veit ikkje.

Utanomekteskapelige forhold i politikken er ikkje noko nytt. Opp gjennom åra mine som politisk journalist har eg visst om mange. Veldig mange. Det er mange journalistar som har visst om mange slike forhold. Men eg har visst om endå fleire. Eg har visst om flest. Det er det mange som har gjort. Men eg har visst om flestast. Mange har visst om hundrevis. Eg har visst om tusenvis.
Men vi skreiv ikkje om det. Det var ein uskriven regel. Kanskje skulle vi ha skrive om det? Sannelig om eg veit.

Det var altså mange andre som visste om desse forholda. Men det var ingen som visste om dei i så stor grad som meg. Mange journalistar og politiske kollegaer fekk vite om dei etter kvart. Mange fekk også vite om dei tidlig. Men eg fekk vite om dei først. Aller først. Ofte før det skjedde. I mange tilfelle var det eg som spleisa dei.
Men vi skreiv ikkje om det. Var det feil av oss? Ikkje godt å seie.

Dei historiene som no etter kvart har komme fram frå norsk politisk liv, er ingenting mot dei historiene som er skikkelig ille. Mange har også heile tida visst om desse verkelig grove historiene. Ingen veit om dei i same grad som meg. Eg var som regel med på mykje av det sjølv. Som regel var det eg som tok initiativet. Det var eit veldig tett forhold mellom politikarar og journalistar. Det var mange slike tette forhold. Eg var kanskje den som hadde tettast forhold. Med flest. Fleire gongen på åttitalet hadde eg sex med heile stortingsgrupper.
Men skreiv vi om det? Kvifor ikkje? Veitdåfaen.

Som vi ser, dette er kompliserte etiske spørsmål som vi kanskje skulle ha drøfta skikkelig i staden for å velte oss i endå fleire rykte.
Kanskje? Kanskje ikkje? Ikkje godt å seie gitt. Kanskje skulle vi ha skrive om det? Men når skulle vi eigentlig fått tid?”

Are Kalvø - 18.08.2007