Kven er du? Og kvifor?

I vår endelause serie ”Vi gjer sjølvsagt akkurat som alle andre i valkampen”, har vi i dag komme fram til den store partitesten.

Neste veke skal vi sjå ganske alvorlige ut på bilde medan vi seier kva vi synest om partileiarane på tv. Men i dag: Test seg sjølv!

For å gjere det lettare for deg å velje rett parti på valdagen, har vi – som alle andre – laga ein test som er like irriterande som han er mangelfull, og som garantert kjem fram til feil svar på spørsmålet om kva parti du bør stemme på. Dette gjer vi i håp om at testen skal provosere deg til å finne ut kva du eigentlig meiner før du går og stemmer 10. september.

Her er testen. Svar ærlig. Lykke til!


1: Du ser eit veldig dårlig bilde på framsida av ei avis. Kva tenker du?
a) Typisk SV (3 poeng)
b) Typisk avisene (2 poeng)
c) Typisk dårlig bilde (1 poeng)

2: Nokon seier at det er for mykje sirkus og tull og tøys på tv i valkampen og at journalistane og kommentatorane er unyanserte, dårlig førebudde og/eller er venstrevridde. Kva tenker du?
a) Det med venstrevridd er sant. Men eg forstår ikkje kva som er problemet med sirkus og tull og tøys. (3 poeng)
b) Tull kan eg klare meg utan, men venstrevridd tøys har eg aldri hatt problem med. (2 poeng)
c) Det er det dummaste eg har høyrt. Journalistar og kommentatorar har aldri vore unyanserte, dårlig førebudde eller venstrevridde, eller på noko som helst slags anna vis vore noko anan enn perfekte. (Viss du tenker dette, tyder det at du høgst sannsynlig er journalist eller kommentator, eller begge deler, og då veit jo alle at du stemmer SV eller Ap, så då forstår eg ikkje heilt kvifor du tek denne testen.) (1 poeng)

3: Ein mann køyrer frå Orkanger i 24 kilometer i timen. Samtidig startar ein tysk bubil frå Bergen. Tyskaren har på seg svømmebriller. Kven kjem først fram til Nordagutu?
a) Han frå Orkanger. Eigentlig burde alle menneske vere trønderar i bil. (3 poeng)
b) Den tyske bubilen. (2 poeng)
c) Begge kjem fram samtidig, fordi dei gjer tek miljøval, let bilane stå og ventar på neste tog, som rettnok ikkje går før NSB har fått tilsett litt fleire pensjonerte svenske kontoristar som lokførarar, men kollektivt er kollektivt. (1 poeng)

Løysing:
Legg saman poenga dine. Her får du svaret på kven du bør stemme på:
3 poeng: FrP
4-5 poeng: Kystpartiet
6 poeng: De Grønne.

Ta denne testen no!



Godt val.

Are Kalvø - 31.08.2007