Den lange vegen ned

Manuela Ramin-Osmundsen ligg tynt an. Det var på tide.

Allereie rett før det blei offentliggjort at Manuela Ramin-Osmundsen skulle bli statsråd, hadde eit heller stort opposisjonsoparti uttrykt seg kritisk. Siv Jensen har ikkje tillit til Ramin-Osmundsen sidan ho gjekk frå UDI og ikkje er plagsamt norsk. Det har også komme fram at det ikkje er så lenge sidan ho blei norsk og at ho ikkje alltid har sett på det å bli norsk som sitt fremste mål, og at det ikkje er sikkert at ho hadde blitt norsk i det heile tatt i tide til å bli statsråd om det ikkje var for at Jens Stoltenberg ordna opp. Dessutan har Gerd-Liv Valla sett ut eit rykte om at Manuela Ramin-Osmundsen ein gong skal ha snakka med Anne Holt og Turid Birkeland.

Arbeidet har med andre ord vore i gang ei stund med å få til det som er og må vere det ultimate målet for alle som er interesserte i politikk, nemlig å få felt ein statsråd før statsråden har begynt i jobben. Det gjekk jo ikkje denne gongen. Ramin-Osmundsen har allereie fått nøkkelen til kontoret og rekk sikkert akkurat å dobbeltkoke vatnet til sin første kaffikopp som minister før ho blir felt.

Det er sjølvsagt svakt å ikkje få til å felle Ramin-Osmundsen før ho begynte, men eg veit at det er nokon som har ein større plan. Det veit eg fordi ein kollega sa det til meg ganske lågt medan han såg seg over skuldra.

Altså: Det som er det mest naturlige etter at Ramin-Osmundsen har blitt felt, er sjølvsagt at Erik Solheim tek over oppgåvene hennar og blir miljø-, utviklings, likestillings- og integreringsminister. SV har jo tatt konsekvensen av at dei krympar så fort at det sannsynligvis er eit spørsmål om månader før det berre er ein person igjen i partiet.

Arbeidet med å finne denne eine personen er i gang, og mykje tyder på at Erik Solheim er tiltenkt oppgåva. Han skal på sikt overta oppgåvene til alle dei andre SV-statsrådane, pluss litt til, og etter kvart bli miljø-utviklings-likestillings-integrerings-finans-kunnskaps- og fornyings-minister med ansvar for litt inkludering i godt lag. Dette vil han trulig få kritikk for. Han har allereie fått kritikk for at han trur han kan takle å vere både miljø- og utviklingsminister ein gong, og Dagfinn Høybråten har oppdaga at det er ganske artig å seie ”Erik Solheim er ingen supermann.” Snart vil han begynne å seie at han aldri har sett Erik Solheim gå inn i ein telefonkiosk for så å vrenge av seg dressen og flyge avgarde i berre undertøyet. Erik Solheim vil etter alt å dømme reagere på denne kritikken ved å ikkje vere i stand til å skjule kor stas han synest det er at namnet hans og ordet ”supermann” blir brukt i same setning. Dette vil føre til at han blir latterliggjort og er den neste som ligg dårlig an når det skal skiftast ut folk i regjeringa. Dermed vil SV vere heilt ute av regjeringa, og regjeringa har ikkje lenger fleirtal i Stortinget.

Då vil Siv Jensen kanskje ta over som statsminister, og då skal Jens Stoltenberg seie at han ikkje har tillit til henne på grunn av skatterapporten som Frp ikkje vil offentliggjere, i håp om å felle henne før ho har begynt.

Og alt dette har Stoltenberg planlagt saman med Anne Holt.

Are Kalvø - 20.10.2007