Michael lærer seg ei ny tid

Eg veit ikkje korleis det er med deg, men sjølv har eg tenkt ganske mykje på Michael Learns To Rock i det siste.

Dei fleste har sjølvsagt og heldigvis gløymt eller aldri høyrt om Michael Learns To Rock. Derfor ein liten historietime.
Michael Learns To Rock er eit dansk pop-orkester som hadde ein middels stor hit i 1991 med balladen ”The Actor” der dei song på middels godt engelsk om å kjenne seg utilstrekkelig:

I’m not an actor I’m not a star
and I don’t even have my own car

Michael Learns To Rock var på mange måtar feil allereie dei gongen dei var populære. Berre namnet. Michael Learns To Rock var eit pinlig tydelig forsøk på å kopiere ein del populære band frå nokre år før, på den tida då alle popband hadde lange og rare namn. Frankie Goes To Hollywood. Johnny Hates Jazz. Curiosity Killed The Cat. A Man Meets And Old Friend From High School And Gets Pretty Drunk Before Going Back To His Hotel Only To Find Out That He Has Left His Key At The Bar. Sånne ting heitte band på denne tida. Nokre år seinare kom altså desse danskane og fann ut at dei også skulle ha eit langt namn. Michael Learns To Rock var i feil tid, frå feil land, allereie den gongen.

Her ein dag høyrde eg ”The Actor” på radioen. Det var som å bli tatt tilbake til ei heilt anna tid. Og det var fullstendig umulig å tru på at dette var noko folk ein gong tok alvorlig og faktisk høyrde på.

Akkurat slik var det også å høyre kristne rase mot eit tv-program igjen denne veka.

For nokre år sidan var det mykje vanligare at kristne raste mot tv-program. Det var i grunnen det dei gjorde. Dei verka gammaldagse og rare allereie den gongen. Akkurat som Michael Learns To Rock. Dei kom frå feil plass i feil tid og hadde pussig uttale. Akkurat som Michael Learns To Rock. Men dei var der og det var ein del som høyrde på dei.

Så høyrde vi ikkje så mykje meir frå dei. Andre tok over og vi hadde i grunnen begynt å gløyme dei. Sjølv om vi sjølvsagt visste at dei framleis fanst. Michael Learns To Rock gjer visst også det. Dei driv på. Og nokre stader i verden er det framleis folk som høyrer på dei. Vi visste jo at det var slik med dei rasande kristne også. Vi hadde berre slutta å tenke på dei. Det var så mykje anna å tenke på. Det var så mange andre som var rasande på heilt andre måtar.

Men så dukka dei opp igjen. For å rase mot eit tv-program. Det var som om å bli tatt tilbake til ei heilt anna tid. Og det var fullstendig umulig å tru på at dette var noko folk ein gong tok alvorlig og faktisk høyrde på.

For vi tok Michael Learns To Rock alvorlig nok til at dei faktisk irriterte oss. Eg hugsar det godt. Vi irriterte oss over at dei laga middelmådig popmusikk.

Det er utrulig at det går an å bli så irritert på folk som det nokre år seinare er fullstendig umulig å ta alvorlig.

Men ein ting skal dei ha, Michael Learns To Rock. Dei kristne er mykje vanskeligare å danse klin til.

Are Kalvø - 10.11.2007