Stol-reglar

Nok ein gong har det blitt sagt noko litt dumt i eit intervju. Nok ein gong har det blitt litt diskusjon og vitsing av det. Noko må gjerast. Vi kan ikkje ha det sånn.

Fellesrådet for Eit Mest Mulig Greitt og Ukomplisert Forhold Mellom Politikarar, Media og Folk (FEMMGUFMPMF) har nettopp sendt dette skrivet til alle politikarar og familiane deira:

Rundskriv: Vedr. laust snakk. Presiseringar og tillegg.

Etter den leie designerstolfadesen til statsministerfrua, ser vi i Fellesrådet (FEMMGUFMPMF) det som nødvendig å komme med nokre tillegg til tidligare utsendte skriv med retningslinjer for kva statsrådar, statsministrar, partileiarar og deira nærmaste familiar bør seie og ikkje seie når dei snakkar om laust og fast med folk, journalistar e.l.

Viser til forrige rundskriv: ’Retningslinjer for laust snakk for politikarar, ektemakar og liknande med tanke på å hindre at desse (altså politikarar, ektemakar og liknande) i ettertid framstår som provoserande, nedlatande, snobbete, spydige, kvikke, morsomme, interessante, eller noko anna som kan verke støtande på folk, veljarar, journalistar, andre politikarar e.l.’

Som sist, nyttar vi eit praktisk eksempel:

La oss seie at du er på besøk i ein privat heim og det er journalistar til stades. Kva seier du når du kjem inn i stua?

1) ’Her var det fint.’
Feil.
Dette kan lett forståast som nedlatande, spesielt av folk som går inn for å forstå det som nedlatande.
Dessutan ligg det ei viss overrasking i denne replikken, og det kan verke provoserande. Kvifor skulle det ikkje vere fint der? Er det første gongen du er i ei vanlig stue? Har du ikkje kontakt med folk? Er du ein snobb?
Dette er spørsmål ein lett vil kunne stille seg, spesielt dersom ein er fylkespolitikar som ikkje blir intervjua kvar dag, eller tidligare Klassekampen-journalist som har helst på folk utan utdanning og er relativt stolt av det.

2) ’Her var det stygt.’
Feil.
Det forstår du. Folk seier dei set pris på ærligheit. Dei meiner det ikkje.

3) ’Her var det stygt. Ironi!’
Dette fungerer aldri. Det må vi ha lært no.

4) ’Dette er ei stue.’
Feil.
Kven bestemmer kva som er ei stue? Her risikerer du å bli skulda for å tenke for firkanta og tradisjonelt, spesielt av eksperimentelle designerar og arkitektar.

5) Hei.
Feil.
Dette blir for folkelig. Det verkar som om du snakkar ned til folk. Har du grunn til det? (Jf. pkt. 1)

5) (…..)
No nærmar vi oss. Men det kan vere risikabelt å ikkje seie noko helst. Då risikerer du å bli skulda for å vere uinteressert og lite tilgjengelig. Smil, i alle fall. Men ikkje for breitt.

Lykke til!

Koz,
FEMMGUFMPMF.

Are Kalvø - 24.11.2007