I. dol.

Det verste med Carl I. Hagen som programleiar på tv, er at det sjølvsagt ikkje kjem til å stoppe der.

Eg har eigentlig ikkje grunnlag for å seie noko stygt om Carl I. Hagen som programleiar på tv. Eg såg naturligvis ikkje debattprogrammet han leidde på NRK2 denne veka. Eg har faktisk eit liv. Men eg trur likevel eg har ein viss idé om korleis programmet var. Hagen har tross alt deltatt i samtlige norske debattprogram sidan fargefjernsynet blei innført.

Hagens innsats er uansett ikkje poenget. Poenget er at det kjem ikkje til å stoppe der. Kreativitet går som kjent ut på å prøve å få omtrent den same ideen som folk har fått før, utan å faktisk kopiere. Og når Carl I. Hagen har fått gjeste som debattprogramleiar, så kjem andre til å gå hardt inn for å få liknande idear, og politikarane kjem jo ikkje til å vere vanskelige å be, det er dei jo aldri, og ein dag sitt vi der og aner fred og ingen fare og så dukker Dagfinn Høybråten opp som programleiar i ”Beat for beat”.

Forresten, det var eit dårlig skrekkeksempel. Det ville sannsynligvis ha gjort programmet betre.

Men du forstår kva eg meiner.

Sylvia Brustad kommenterer ishockey. Det var eit betre eksempel. Eller Esther Pirelli som dansar.

For Hagen-programmet slo jo an. Og då kjem ideen til å bli prøvd igjen. Idear som slår an blir alltid prøvd igjen. Det vil seie, programmet til Hagen slo sjølvsagt ikkje an. Men det slo an til å vere eit program på NRK2. Det var med andre ord folk som såg på.

Og det kan ikkje ha komme som ei bombe.

Sjølvsagt var det folk som såg på. Folk elsker jo å sjå folk gjere ting dei ikkje får til på tv. Det er derfor dei første rundane i Idol er meir underhaldande enn dei siste. Fordi det er fleire i dei første rundane som verkelig ikkje kan synge. Dei siste rundane er eigentlig mest interessante for den nærmaste familien til finalistane og for folk som liker å sjå Jan Fredrik Karlsen hoppe sittande. Dei fleste tv-suksessar dei seinare åra har handla om folk som gjer noko dei ikkje får til. Bønder som ikkje får seg dame (Jakten på kjærligheten), folk som sikkert får seg både dame og mann, men som ikkje får til å vere bønder (Farmen), folk som ikkje får til å tenne bål (Robinson), kjendisar som ikkje får til å danse (Beat for beat).

Sjølvsagt ser vi på slikt. Det har aldri vore kjedelig å sjå folk gå på trynet.

Dei er sikkert fornøgde no, dei som fekk Hagen-ideen. Men er dei like fornøgde den dagen Jonas Gahr Støre kommenterer Melodi Grand Prix Junior?

Det er ikkje umulig at svaret er ja.

Are Kalvø - 08.12.2007