Homokommunistblitzar

Det ultimate skjellsordet, før og no.

Det er etter at ein har kjøpt seg ny bil at ein les bilannonser grundigast, for å få bekrefta at ein har gjort eit godt kjøp.

Det er etter at ein har flytta, at ein snakkar mykje om kor lurt det var å flytte. Det gjorde vi også, alle vi som flytta frå heimbygda mi til byen for å studere ein gong i forrige tusenår. Vi brukte utrulig mykje tid på å snakke om kor mykje vi hadde som dei ikkje hadde i heimbygda. Heime var dagane like og folka dei same og fjella berre stod der og var fjell. Medan vi var urbane som satan og vassa til knes i narkomane og blitzarar og drag shows og rave party. Ikkje at vi var spesielt ofte på rave party. Ikkje at vi visste kvar dei var heller, eller at det var tenkelig at nokon kunne komme til å fortelje oss det. Ikkje at vi hang mykje på Blitz heller, eller snakka med nokon narkomane. Ikjke at vi hadde spesielt lyst til noko av dette heller, eigentlig. Men vi var i byen som hadde alt dette. Vi kunne ha gjort så utrulig mykje, viss vi hadde lyst.

Påfallande ofte hadde vi meir lyst til å sitte inne på ein hybel og snakke om alt dei ikkje hadde i heimbygda. Det var ein slik kveld vi prøvde å oppsummere heimbygdas fordommar mot storbyen i eitt skjellsord. Ein ekstremt fordomsfull ting av oss å gjere, sjølvsagt, men alternativet var å gå ut, og der kunne vi jo møte både narkomane og det som verre var. Vi kom til at det ultimate skjellsordet, som oppsummerte all bygdeforakten mot byfolk, måtte vere:

Homokommunistblitzar.
Dette er jo no ein del år sidan, og slagordet har ikkje den same tyngden i dag. For eksempel har ordet kommunist mista noko av krafta som fornærming no når det har gått ein ørliten generasjon sidan muren fall. Blitzar var også eit sterkare uttrykk i tida då det var hestar og hundar og køller i nyheitene ein gong i veka. Så la oss prøve å oppdatere skjellsordet til 2007. Då trur eg vi får:

Homotrygdesnyltarmuslim.
Om du, som eg, av og til kjeder deg så grenselaust at du stikk innom diskusjonsforuma på nokre av Norges mest besøkte nettsider, så vil du ha sett at ganske mange av innlegga der kan samanfattast med dette skjellsordet. Det same vil du ha sett om du, som meg, følgjer med på det einaste som har ein viss underhaldningsverdi i debattprogram på tv, nemlig meldingane nederst på skjermen. Det er sjølvsagt ingen av dei som skriv berre dette ordet, men om dei hadde vore i stand til å fatte seg i kortheit, så kunne dei nøydd seg med dette ordet.

Homotrygdesnyltarmuslim.
Og kanskje er det derfor det blir såpass lite bråk når forstandaren i Det Islamske Forbundet viser seg å mislike homofili. Basim Ghozlan meiner at homofili er synd, at homofili er avvik og avvik er sjukdom som bør kurerast, at aksept av homofili er farlig og at homofili ikkje bør straffast i Norge, men kanskje i andre land. Det er ikkje påfallande mange som har rast mot dette. Det har ikkje blitt ei stor sak, med lesarstorm og oppfølgjingsartiklar. Det manglar vanligvis ikkje på aggresjon når muslimske leiarar seier noko uhyrlig, men kanskje er problemet at mange som er aggressivt mot muslimar også er ganske aggressivt mot homofile. Det er ikkje lett når nokon ein misliker, misliker det same som ein sjølv.

Kanskje er det derfor?

Eller er det rett og slett at vi ikkje ventar oss meir av ein religiøs leiar? Eller at vi er lei, etter å ha høyrt slikt frå andre religiøse leiarar såpass lenge at vi har slutta å ta dei alvorlig og berre tenkt: Dei må få halde på, eg gidd ikkje meir. Kanskje orker vi rett og slett ikkje dette ein gong til.

Eller synest vi rett og slett at det ikkje er så farlig, sidan det likevel berre er snakk om to grupper frå same skjellsord?

Are Kalvø - 12.01.2008