Kompis-kompensasjon

Kva skulle vi gjort utan ordførarar? Dikta opp debattane?

Eg har alltid vore glad i ordførarar. På same måte som eg kan vere svak for pjuskete hundar. Eg ville ikkje hatt ein heime. Men det er okei at dei finst. Dei er rare. Og som regel heilt ufarlige sjølv om det kan vere ein del lyd i dei. Av og til er dei ganske søte. Og dei er veldig lojale.

Veldig lojale.

Det er jobben til ordføraren å meine at han eller ho bur i ein spesielt flott kommune, og at folk i denne kommunen fortener å ha det spesielt bra. Slikt blir det mykje artige diskusjonar av. Som då Oslos ordførar Fabian Stang antyda at det kanskje kunne vere på sin plass med høgare lønn for byfolk, sidan det kostar meir å bu i by. Han har jo rett i det. Men viss han skal få, så vil alle dei andre ordførarane ha, for dei er også lojale mot sine, og snart får vi:

Distriktsbytilleggskompensasjon.
Lønnstillegg for folk som bur på mindre stader som kompensasjon for at folk som bur i by får kompensasjon for at det er dyrare å bu i by.

Urbankjøpepresskompensasjon.
Lønnstillegg til folk som bur i by fordi det er mykje meir å bruke pengar på i byar enn på mindre stader.

Distriktsurbankjøpepresskompensasjonskompensasjon.
Lønnstillegg til folk som bur på mindre stader som kompensasjon for at dei ikkje har så mange tilbod å bruke pengar på som folk som bur i by.

Distriktsferiekompensasjon.
Lønnstillegg til folk i utkantane fordi det ofte er dyrare for dei å reise på ferie utanlands enn for folk i byane. Folk i utkantane må først reise til byane før dei kan komme seg vidare til for eksempel Syden eller Berlin.

Urbandistriktsferiekompensasjonskompensasjon.
Lønnstillegg til folk i by for at dei går glipp av bilturen til og frå byen når dei skal på ferie til for eksempel Syden eller Berlin, og dermed får mindre ut av ferien enn folk som bur i utkantane.

Distriktsferiemiljøkompensasjon.
Ekstra lønnstillegg til folk i utkantane fordi det ikkje berre er dyrare for dei å reise på ferie utanlands, dei må også ofte køyre bil til nærmaste by, noko som ikkje er særlig miljøvennlig, noko som gir folk i utkantane dårlig samvit, noko dei bør få kompensasjon for.

Urbanklimakompensasjon.
Lønnstillegg for folk som bur i by og reiser kollektivt for at dei ikkje øydelegg jordkloden i like stor grad som for eksempel folk i utkantane som køyrer bil til byane for å flyge til for eksempel Syden eller Berlin.

Distriktsurbanklimakompensasjonskompensasjon.
Lønnstillegg til folk i utkantane som kompensasjon fordi dei ikkje har eit kollektivtilbod som gjer det mulig å for eksempel ta trikken til byen for å flyge til for eksempel Syden eller Berlin.

Ordførarkompensasjon.
Lønnstillegg til alle i Oslo som ikkje stemte på Fabian Stang, men som likevel må halde ut med at han uttaler seg på vegner av byen dei bur i.

Ordførarkompensasjonskompensasjon.
Lønnstillegg til alle andre i landet som heller ikkje nødvendigvis er fornøgde med alt ordføraren deira seier, som kompensasjon for at folk i Oslo får kompensasjon for Fabian Stang.

Med alle desse rettferdige tillegga vil den norske gjennomsnittslønna ligge på om lag tjuefire millionar i året. Dei som ikkje tener så mykje, må sjølvsagt få ein slags kompensasjon.

Are Kalvø - 09.02.2008