Ungdomspolitikarane no til dags!

Finst det ingen grenser?

Finst det ingen grenser for usakligheit? Finst det ingen grenser for kva ein kan tillate seg av smålig, latterlig og ufin oppførsel i den offentlige debatten? Er alt lov no?

Eg spør etter denne vekas debattutspel frå dei to unge og lovande politikarane Audun Lysbakken og Torbjørn Røe Isaksen, som i likheit med alle andre norske politikarar under trettifem er forbausande like til å tilhøyre så forskjellige parti. Desse to har kritisert norsk politisk journalistikk. Og spesielt har dei kritisert dei politiske kommentatorane, desse som alltid kjem etterpå og fortel folk kva politikaren eigentlig meinte med det ho nettopp sa, og kva ho heller burde ha sagt for å bli litt betre likt av kommentatoren. Omtrent som ekspertkommentatorane i sporten som kjem etter kampen og fortel kva laget eigentlig burde ha gjort i staden for å tape 4-0. Lysbakken og Røe Isaksen gjekk så langt som til å kalle kommentatorane for norsk politikks svar på Mini Jakobsen.

Og det er då eg spør:

Er det greitt? Er det akseptabelt? Er alt lov no?

For ærlig talt:

Dette har faktisk ikkje Mini Jakobsen fortent.

Eg har aldri kjent noko sterkt behov for å forsvare Mini Jakobsen før. I sine dagar som aktiv i Rosenborg var han ein irriterande storkjefta, irriterande bråkjekk liten fyr i feil drakt. I sine dagar som fotballkommentator har han stort sett vore ein irriterande storkjefta, irriterande bråkjekk liten fyr i dress.

Men å samanlikne han med politiske kommentatorar? Så ille er då mannen verkelig ikkje. Han er litt for dårlig til å skjule at han er Rosenborg-fan, og han er berre middels fin på håret. Og han speler golf. Men å samanlikne han med politiske kommentatorar?

Snakk om slag under beltestaden.

Og i Minis tilfelle er det veldig lågt.

Mini Jakobsen kan då i det minste slumpe til å ha underhaldningsverdi. Og han ser ut til å trivast med seg sjølv og jobben sin. Han er ein gladgut. Han vil ingen vondt. Det kan ein ikkje seie om ei gruppe menneske som lever av å stå i vegen for politiske hendingar for å fortelje folk kva dei sjølve meiner om den politiske hendinga dei står i vegen for, og som er så dårlige til å ta kritikk at dei i beste kan fall strekke seg til å svare på kritikken ved å seie at slikt har folk sagt før. Som om det var eit argument for eller mot noko som helst. Folk har også sagt før at to pluss to er fire. Det blir ikkje mindre sant av den grunn.

Du er min mann no, Mini.

Ingen fortener det du har bli utsett for denne veka.

Are Kalvø - 08.03.2008