Veldig veldig stygge ting

Eg må innrømme at eg er litt urolig med tanke på det eg skal skrive no.

Eg er urolig for reaksjonane. Eg veit at folk kjem til å bli sinte. Ikkje utan grunn. Det eg skal skrive i dag er stygt. Det er brutalt. Det er heilt i utkanten av ytringsfridommen. Folk kjem til å bli rasande. Eg fryktar at eg kan bli nødt til å gå i dekning etter dette. Folk kjem heilt sikkert til å komme etter meg. Eg må skaffe meg hemmelig telefonnummer. Eg skal henge ut både einskildpersonar og folkegrupper, og dei kjem til å bli forbanna, alle som ein. Med god grunn, som sagt. Det eg skal skrive i dag er rett og slett historisk vondskapsfullt. Det er sannsynligvis det verste du har lese i ei avis nokon gong.

Du er kanskje interessert i å høyre kva eg har på meg?
Det er klart du skal få vite det.
I skrivande stund er eg iført ein ganske snerten buserull som eg kjøpte for eit par dagar sidan, på billigsal.
På hovudet har eg ei strikkelue, ganske skøyeraktig på snei.
Eg ser ut som ein skikkelig friskus, om eg må seie det sjølv.
Og det må eg nok.

Så veit du litt om kva eg har på meg her eg sitt for å skrive det mest blasfemiske og injurierande og sårande eg nokon gong har sett på trykk. Eg sveittar. Og det er ikkje berre fordi eg har på meg strikkelua ganske skøyeraktig på snei. Nei, det er også fordi eg er nervøs. Livredd, faktisk. Eg har aldri vore så redd for noko eg skal skrive. Men eg har bestemt meg. Det må seiast. Uansett konsekvensar. Eg kan ikkje la vere. Det er for avgjerande ting som står på spel.

Fortalde eg kvar eg kjøpte buserullen? Og strikkalua? Ikkje?

I alle fall, eg kjøpte dei på ein ganske artig butikk med norsk husflid og tradisjonelle plagg og litt andre ting også. Og suvenirar. Mykje troll. Sånne artige bustetroll med ”Greetings from Norway” på. Og elgskilt. Det var ganske billig der. Sikkert fordi det ikkje er høgsesong for turisme akkurat no. Lusekofter har dei også der.
Eg lurte litt på å kjøpe meg ei lusekofte, men kom til at det ville vere litt for opplagt. Det får halde med buserull, tenkte eg. Det er sikkert nok. Viss eg har buserull på meg når eg skriv dette fæle og provoserande eg skal skrive, så vil det sikkert bli debatt om buserullen etterpå, og ikkje om det eg skriv. Kanskje blir det intervju med moteekspertar og redaktørar i Kamille og ikkje drapstruslar og demonstrasjonstog. Kanskje har til og med Jan Thomas ein kommentar om buserullens rolle som stil-provokatør. Ein kan alltids håpe.

Nemnde at eg har nikkers på meg også? Og Selbu-vottar?

Eg reknar ikkje med at det er nokon vits i å skrive det stygge og vondskapsfulle eg hadde tenkt no. Det er vel likevel ingen som hadde fått det med seg når de veit såpass mykje om kva eg har på meg.

God helg.

Are Kalvø - 05.04.2008