Martin Mugabe & co

Sommaren er høgsesong for festivalar, is, bading og skuldingar om diktatoriske tendensar.

Dei fleste politikarane har brukt den siste veka til å diskutere store spørsmål og/eller summere opp sine suksessar før sommarferien. Dei fleste er enige om at dei sjølve har rett. Dette er fordi dei fleste som deltek i den politiske debatten i Norge har sine eigne personlige oppslagsverk. Vi har kika litt i nokre av oppslagsverka:

Frå Siv Jensens oppslagsverk:
Kolberg, Martin (f. 21. februar 1924): Zimbabwisk politikar. Leiar for frigjeringskampen mot det kvite mindretalet i det dåverande Rhodesia. Fengsla 1964-1974. Statsminister i det uavhengige Zimbabwe i 1980, og president i 1987. Frå slutten av 1990-talet veksande motstand mot hans autoritære styresett. Kolberg blei attvalt i 2002 etter omfattande overgrep mot opposisjonen og skuldingar om valfusk.
Zimbabwe: Republikk med Martin Kolberg som partisekretær. Hovudstad: Youngstorget.

Frå Martin Kolbergs oppslagsverk:
Vulgær overklasse: Folk som held seg til Arbeidarpartiets skattepolitikk, og likevel er styrtrike.
Utakknemligheit: Det å ikkje stemme på Arbeidarpartiet.
Jensen, Siv (eng. Magica de Spell): Ein fiktiv figur i Disney-teikneseriar, ei heks skapt av Carl Barks. Jensen prøver alltid å stele Arbeidarpartiets første tiøring, den såkalla lykketiøringen, som ho vil smelte om til ein amulett som vil gi henne krefter som gjer at alt ho tek i blir til gull.

Frå Jens Stoltenbergs oppslagsverk:
Framgang: Ein tilbakegang som berre er ganske stor.
Perfekt: Noko alle trur at regjeringa er, noko som igjen er grunnen til at ein tilbakegang som berre er ganske stor må reknast som ein framgang.
Sosialdemokrati: Det å flytte rundt på statsrådar, slik at alle får prøve seg i dei fleste departementa.

Frå Ola Mæhles oppslagsverk:
Ytringsfridom: Retten alle menneske har til å seie noko og bli møtt med jubel.
Mobbing: Det å vere uenig med nokon, for eksempel Ola Mæhle.

Frå Lars Sponheims oppslagsverk:
Statsministerkandidat: Leiaren i eitt av tre små parti som neppe skal samarbeide.

Det er på tide med sommarferie no, før vi begynner å kalle kvarandre Hitler.

Are Kalvø - 28.06.2008