Enkel heimesiger

Eg har hatt lyst lenge, men denne gongen skal eg gjere det. Eg skal skryte av meg sjølv.

Eg har ein gong vore med på å vinne ein fotballkamp 17-0. Det er til og med mulig det var 19-0. Eg er ikkje heilt sikker. Det er eigentlig ikkje noko å skryte av. Det var ein gutekamp. Motstandaren var Hundeidvik. Hundeidvik har aldri vore ein stor fotballklubb. Ikkje då heller. Dei var faktisk oppsiktsvekkande dårlige. I heile andre omgang låg keeperen vår lent mot stolpen og las teikneseriar. Og han blei aldri forstyrra. Ikkje ein gong. Å knuse dette laget var verkelig ikkje noko å skryte av. Sant å seie var det ei langt større bragd at eg spelte heile kampen utan å skåre eit einaste mål.

Men skrytte vi likevel? Sjølvsagt. Eg trur kanskje sigeren var klubbrekord. Vi skrytte i alle fall som om det var det. Høgt, ofte og gjerne. Heilt til folk blei lei. Det er nok no, sa folk. Point taken. Folk minnte oss om at motstanden var latterlig. Folk minnte oss om at motspelarane faktisk hjelpte oss. Då Hundeidvik-spelarane forstod kvar dette bar, og det forstod dei tidlig, begynte dei å sleppe inn mål med vilje. Dei ville vere med på moroa dei også. Å skryte for mykje av ein slik siger er berre usympatisk.

Eg tenker ofte på denne kampen. Fordi eg er stolt, sjølvsagt, og fordi eg lurer på korleis det eigentlig var mulig å spele heile kampen – på midtbana, til og med, ikkje i forsvar – utan å skåre. Eg må ha vore den einaste. Eg og han som las teikneseriar.

Men eg blir også minnt om denne kampen kvar gong ein politisk skandale blir rulla opp. No, for eksempel, med avsløringane av mulig misbruk av stortingspensjon. Når eg les og ser og høyrer alle redaktørane og kommentatorane som uttaler seg om denne saka, så forstår eg korleis vi må ha verka etter kampen mot Hundeidvik, og eg forstår kvifor folk blei lei. Fin avsløring, tenker eg. Interessant sak. Her må noko gjerast. Men ikkje skryt for mykje av det. Ikkje ver altfor fornøgd. Det blir berre usympatisk. For alle ser at motstanden ikkje er formidabel her. Det er ingen som synest det er greitt at politikarar tuskar til seg pengar dei ikkje har rett på, om det no er det dei har gjort. Alle forstår at det ikkje er verdens vanskeligaste sak å gå ut på gata med ein mikrofon eller ei notatblokk og finne ein person som svarer ”nei” på spørsmålet ”Synest du det er rettferdig at politikarar lurer til seg pengar og slepp unna med det, medan vanlige menneske med vanlig pensjon blir straffa for den minste ting?” Det ville vore meir oppsiktsvekkande om nokon svarte ”ja”. Det ville vore ei sak.

Men seier dei seg fornøgde med ei bra gjennomført avsløring og går tilbake til treningsfeltet for å konsentrere seg om vanskeligare motstandarar? Sjølvsagt ikkje. Dei skriv kommentarartiklar, daglig, for å gjere oss merksame på at det er feil å ta imot pengar ein ikkje har krav på, i fall vi ikkje allereie meinte det. Det er ikkje måte på kor moralske dei blir, heller. Det blir snakka om løgn og fusk og grådigheitskultur i kommentarartiklar, og i leiarartiklar der det står det same som i kommentarartiklane, i fall vi ikkje fekk med oss kommentarartiklane, og i fall vi ikkje fekk med oss verken det eine eller det andre, så blir innhaldet i både kommentarartiklane og leiarartiklane gjentatt i munnlig form i debattprogram på radio og tv, program som er såpass opptatte av breidde at dei gjerne inviterer tre-fire ulike kommentatorar, så lenge alle er journalistar og meiner det same.

Det er greitt no. Vi har forstått det no. De er feil å tuske til seg pengar. Politikarane har feil. De har rett. Hundeidvik var dårlige. Vi var gode. Vi vann. Greitt. Point taken. Men ikkje mas for mykje med det. La det ligge no. Ikkje skryt for mykje av det. Det blir berre usympatisk.

For vi vil jo ikkje at folk skal begynne å halde med Hundeidvik, vil vi vel?

Are Kalvø - 30.08.2008