På ei seng av misforståingar

Folk har veldig skiten fantasi. Ein må passe seg heile tida.

Det er få ting som er så underhaldande som folk som snakkar veldig alvorlig om veldig tullete ting. Derfor har eg hatt stor glede av den vesle debatten som sjølvsagt kom etter at nokre store aviser sjølvsagt skreiv av noko som stod i boka til Mia Gundersen.

Noko av det morsommaste som har blitt sagt i debatten kom frå Dagbladets etikkredaktør. Det er sjølvsagt artig i seg sjølv at Dagbladet har ein etikkredaktør, men det er ikkje poenget akkurat no.

Denne etikkredaktøren uttalte seg om Dagbladets førstesidetittel ”Mia Gundersen gikk til sengs med Røkke”. Etikkredaktøren sa mellom anna: ”Det er mulig at en del mennesker vil feiltolke den tittelen.”

Ja, folk er rare sånn.

Skriv du for eksempel ”gikk til sengs med” eller ”hadde seg med” eller ”låg med” eller ”blei tatt bakfrå”, så vil du sikkert klare å finne ein eller annan med skiten fantasi som legg noko seksuelt i det.

Og det veit sjølvsagt også etikkredaktørar. Og det var sjølvsagt også poenget med denne tittelen: At folk skulle legge noko seksuelt i det som står der, sjølv om historia tittelen viser til er uskyldig nok.

Så når etikkredaktøren er redd for at folk skal feiltolke denne tittelen, så må det tyde at han er redd for at folk ikkje skal legge noko seksuelt i han. Og her er mange feilkilder:

”gikk til sengs med” kan for eksempel forståast slik at poenget er at ho gjekk til denne senga, og ikkje for eksempel sprang, jogga, hoppa, dansa, køyrde bil, tok taxi, buss, trikk eller helikopter dit.

”til sengs” kan også misforståast. Rett og slett fordi det eigentlig står her at ho berre gjekk til senga. Og altså ikkje opp i senga.

Altså kan ”gikk til sengs med” lett forståast som ”spaserte fram til ei seng utan å gå opp i senga”.

Og ei seng kan vere så mangt. Alle som har vore innom ein restaurant eller sju veit at matrettar for eksempel kan ligge på ei seng av grønsaker. Og alle som har vore ute i naturen veit at det går an å legge seg på ei seng av mose.

Så var det ordet ”røkke”, som mellom anna er ei dialektutgåve av verbet ”å rykke”, som for eksempel i ”å rykke/røkke fram til start”, som får dei fleste av oss til å tenke på Monopol.

Med andre ord: Det er fullt mulig at nokon som ser denne tittelen feiltolkar og trur at det som står der er: Mia Gundersen spaserte bort til grønsaker for å spele Monopol.

Og det har jo ikkje noko med sex å gjere.

Are Kalvø - 13.09.2008