Bind mussa!

Vi tok feil. Dei fekk rett. No er vi djupt og inderlig skrudde, alle saman.

No kan vi berre ha det så godt. Alle vi som trudde vi visste kva som var viktig. Alle vi som ikkje tok matematikken alvorlig. Alle vi som såg ned på studentane som møtte til første forelesning med nystrokne skjorter og ambisjonar og rosa aviser under armane. Vi lo av dei. Vi forakta dei. No får vi det tilbake.

Vi begynte tidlig. Vi lo av børsnoteringane på radio. Vi såg på det som reine humorinnslag, akkurat som melding om fiske og sameradioen. Vi forsto ingenting av det som blei sagt, så i staden gjorde vi narr av dei. Alle dei alvorlige menneska som snakka uforståelig på radio. Mussa på stampen? Oddasat? Kjøper og selger? Omsatt? Same greiene. Omsatt på stampen. Mussasat ned fire komma to. Tull og tøys, alt saman. Vi tok det ikkje alvorlig. Ikkje i det heile tatt. Vi hadde anna å gjere. Vi hadde liv å leve. Vi var opptatte av det som verkelig betyr noko. Livet. Ikkje karrieren. Vi fnyste av dei som visste kva dei ville og kvar dei skulle, og som studerte tal for å nå dit. Vi var oppe om natta. Vi levde livet. Vi dansa og song og las bøker og diskuterte store spørsmål og drakk vin. Vi kunne vår popmusikk. Vi hadde forstått det.

Og no forstår vi ingenting. Verden kollapsar, og vi aner ikkje kvifor. No har vi ikkje noko val. Vi må høyre på dei som kan dette, dei som forstår dette, dei med skjortene, dei nystrokne skjortene, dei som følgde med i mattetimane, dei som ikkje levde livet eller lo av børsnoteringane. Dei som vi såg ned på. No er vi heilt avhengige av dei. Vi har ikkje ein sjanse. Seier dei at det er sånn, så må vi berre tru dei. Kva har vi å svare med? Litteratur og popmusikk?

Det er dei som er håpet vårt no, dei latterlige, dei ambisiøse, dei kjedelige, dei som elles berre viser seg i media når sentralbanksjefen har knirka noko om renta, i innslag ein kan bla forbi, eller når det nærmar seg sjølvmeldingstid, i bilag som kan kastast, eller når avisene ikkje har anna å skrive om, av og til er det rett og slett tomt for helseoppslag og ingen nye biografiar, av og til blir ein lei av maktkritisk journalistikk, det er nemlig slitsomt å ringe folk for å spørje dei om dei kan tenke seg å seie noko stygt om nokon som har vore litt for mykje på tv i det siste. Då kan det passe med eit oppslag om privatøkonomien. ”Slik kan du få pengar fort”, for eksempel. Då trykker gjerne avisa Dagbladet eit bilde av sin eigen økonomiekspert, ein skalla fyr som også har jobba for programmet ”Luksusfellen” på TV3.

Det er sånne som han som er håpet vårt no.

Han, som jobbar både for Dagbladet og TV3, noko som vitnar om i beste fall tvilsam dømmekraft. Han er vår mann no. Han må vi stole på. Verden går under, bankar går konkurs, børsar er i panikk, milliardar forsvinn. Nokon seier krisa er over for denne gong. Andre seier at krisa på ingen måte er over. Vi? Vi veit ingenting.

Og der står han.

Den skalla mannen med tvilsam dømmekraft, saman med ein hær av kjedelige menn med nystrokne skjorter og slips og grått hår og grå dress tomme blikk og fulle lommebøker. Der står dei og seier ”Følg etter oss, vi kan redde deg.” Og vi har ikkje noko val. Vi har ikkje peiling.

Skummelt.

Are Kalvø - 20.09.2008