Vi som har levd ei lita stund

Det kjem ei tid i livet då ein forstår at ein har levd så lenge at ein rett og slett forstår ting betre enn andre.

Eg har no blitt såpass gammal at eg hugsar Haakon Lies åttiårsdag. Eg har no blitt såpass gammal at når eg ser ”Skal vi danse”, så veit eg faktisk kva deltakarane eigentlig er kjende for. Ungdommen gjer jo ikkje det. Dei stemmer på Tore André Flo fordi han er ein sjarmerande raring som er flink til å danse. Og ikkje fordi det er like forbløffande å sjå ein slåp frå Nordfjord stokke beina på dansegolvet som det i si tid var å sjå ein slåp frå Nordfjord stokke beina på fotballbana. Ungdommen veit jo ikkje eingong at Flo har spelt fotball. Dei hugsar i alle fall ikkje den tida han var god. Det er når ein ser program som ”Skal vi danse” at ein får lyst til å lære ungdommen noko, noko om tida som går. For dei veit så lite, ungdommen, om det som skjedde før, om det som gjorde oss til dei vi er, om historia. Når ein ser Tor Endresen i ”Skal vi danse”, for eksempel, får ein lyst til å seie til ungdommen: Dersom du synest dette er pinlig, så skulle du sett tv-programma han laga saman med Rune Larsen på åtti- og nittitalet.

Men dagens ungdom har jo aldri sett ”Lollipop”.

Eg har med andre ord blitt eit klokare menneske, eit menneske som har levd lenge nok til å sjå dei store historiske linjene.

Og det var derfor eg fall i tankar då eg kom i skade for å høyre ein debatt om angrepillen på radio denne veka. Vanligvis fell eg ikkje i tankar når eg høyrer slike debattar. Vanligvis skiftar eg sjølvsagt til ein kanal der dei speler popmusikk. Men eg har som sagt blitt vaksen og klok. Derfor fall eg altså i tankar då nokon frå KrF gjekk inn for at angrepillen berre skal vere tilgjengelig for sal på fire apotek i utkant-Norge annankvar tirsdag mellom klokka 0400 og klokka 0403 når det er skotår. Eller noko slikt. Eg høyrde ikkje så godt etter. Og eg vil uansett ikkje ha meiningar i denne saka. Eg vil ikkje eg vil ikkje eg vil verkelig ikkje. Det er noko av poenget.

For eg fall altså i tankar, sidan eg no har blitt ein mann som levd lenge nok til å sjå linjene. Og det eg tenkte var: Har vi ikkje brukt utrulig mykje tid i dette landet på å snakke om kva som skal vere lov å selje kvar på kva måte i kva butikkar når og korleis til kva tid? Vi har diskutert slike ting så lenge eg kan hugse, og det begynner som nemnt å bli ei stund. Vi har diskutert tobakk og alkohol, sjølvsagt. Skal det vere over eller under disk og kva disk? Og kor sterk alkohol skal folk få på kva dagar kor lenge og kvifor? Og søndag? Og kor mange pol skal få lov til å selje kva varer på kva måte når? Men ikkje berre det. Vi har også diskutert om butikkar skal ha lov til å selje for eksempel mjølk og brød på søndagar. Og korleis? Og kvifor? Og kor store skal butikkane vere? Og skal dei også ha postkontor? På butikken? Og pol? Og skal ein då i så fall både kunne sende brev og kjøpe brød når som helst, for eksempel på laurdag kveld? Eller tek det heilt av då? Slik at folk ravar omkring på polet i butikken med brød under arma og pakken dei gløymde å sende på posten? Og har vi ikkje pinadø også diskutert om det er sunt og/eller nødvendig med tv-program seint på kveld? Og radio om natta? Er det eigentlig ein god idé med radio midt på natta, meiner eg folk har spurt, eller vil slikt føre til at folk lyttar seg frå hus og heim og sitt oppe til klokka fem om morgonen i håp om å få høyre den siste til Bjørn Eidsvåg endå ein gong, slik at dei aldri kjem seg opp neste dag i tide til å rekke polet før stengetid, og i frustrasjon raserer postkontoret på butikken? Over disk?

Tenk kor mykje tid vi har brukt på slikt. Om vi hadde brukt denne tida meir fornuftig, kunne vi kanskje førebudd oss på framtidige kriser og skaffa oss råd til å arrangere OL både i Tromsø og Trondheim, og likevel hatt tid til over til å gå turar i skog og mark og lese gode bøker.

Det hadde vore noko det.

Are Kalvø - 03.10.2008