Eit ubrukelig menneske står fram

Med dette ønsker eg å seie opp som samfunnsborgar. Det er det greiaste for alle.

Eg kjenner at eg slit no.
Eg kjenner at eg ikkje fungerer som eg skal. Eg fungerer ikkje som samfunnsborgar. Klarer ikkje å gjere plikta mi.
Eg veit det er feil av meg. Men eg klarer det berre ikkje. Klarer ikkje å la meg rive med, klarer ikkje å bli sint. Det går ikkje.

Eg sitt der og ser på banksjefen som snakkar ut om dei som er uskyldige til det motsette er bevist. Eg ser på statsministeren som understreker alvoret, ser på opposisjonen som rasar, ser på kommentatorane som understreker det same alvoret som statsministeren understreka. Det er ikkje måte på kor mykje alvor som blir understreka. Og det er alvor. Eg veit det. Eg er klar over det.
Men det går ikkje likevel.

Eg kjenner det når eg sitt der og ser banksjefen eller statsministeren eller opposisjonsleiaren inn i auga. Eg kjenner at det glepp. Eg kjenner at eg mister konsentrasjonen. Ser ut. Det har begynt å regne. Fint med litt regn. Kanskje skulle eg rett og slett gå meg ein tur i regnet?

Eg veit det er feil av meg. Eg veit eg viser lite kriseforståing. Eg veit eg burde la meg opprøre. Over misbruket av informasjon. Og over samrøret. Mektige venner i mektige posisjonar. Journalistane og redaktørane klarer å bli opprørte over slik. Og dei driv med slikt sjølv. Burde ikkje eg då også klare det?
Men det går ikkje. Det glepp. Eg klarer det ikkje. Eg skiftar kanal. Begynner å glede meg til ”Ungkaren”.

Kanskje har eg slutta å bry meg? Kanskje finst det eit slikt punkt i livet?
Eg ser at dei snakkar, statsministeren og banksjefen og kommentatorane og opposisjonen, og eg veit at eg burde sette meg inn i kva alt dette eigentlig tyder, kor sannsynlig det er at nokon av dei dekker over noko, og kva det i så fall tyder? For tilliten? Og er ikkje både bankvesenet og politikken, ja heile samfunnet, bygd på tillit?
Og no har det slutta å regne. Kanskje ein tur på kafé?

Det går ikkje. I den grad eg i det heile tatt klarer å tenke på statsministeren og banksjefen og opposisjonen og kommentatorane, så tenker eg at eg håper dei får seg nok søvn, eg håper dei har noko fin musikk dei kan sette på når dei kjem heim, eller ei god bok, eller eit dårlig tv-program og eit glas vin.
Eg gir opp. Eg kjenner at det går ikkje. Eg skiftar kanal. Håper på noko anna. Andre nyheiter.
Og så får eg sjå det. Eg finn ein kanal som er ferdig med dagens banknyheiter og har gått vidare til dei lettare nyheitene. Det er der eg får sjå det. Eit klipp frå slottsmiddagen. Der står Thorbjørn Jagland ved sidan av kongen og syng. Stortingspresidenten og eks-statsministeren syng for kongen. Kvifor gjer han dette? Han har då klart seg så bra så lenge? Vi var på nippet til å gløyme Bongo frå Kongo og 36,9. Jagland sjølv skal snart legge bak seg ein presidentperiode og er klar for nye og større oppgåver, internasjonale oppgåver. Og så bestemmer han seg for å ta ein song og øydelegge heile greia?

Eg kjenner at eg blir engasjert. Og eg veit at det er dette som kjem til å stå att etter denne veka. Ikkje alvorlige banksjefar. Ikkje krise. Ikkje statsministeren som understreker alvoret i situasjonen. Ikkje dei sinte kommentatorane.
Men ein mann som syng. Eller prøver å synge. Det er det eg kjem til å hugse. Det er det eg kjem til å snakke om.

Eg slit no. Eg er ubrukelig no. Samfunnet treng ikkje slike som meg.

Are Kalvø - 25.10.2008