Elleville dagar i regjeringskvartalet

Vi har som vanlig på denne tida av året rota i søppelbøtter og funne invitasjonen til regjeringas julebord.


FEST!
Så nærmar det seg julebordsesong igjen, og julebordkomiteen samansett av representantar frå alle dei tre regjeringspartia har forhandla seg fram til følgjande julebord for den raudgrøne regjeringa:

MAT!
I år som i fjor blei det fleirtal for Arbeidarpartiets forslag om å servere ein lapskaus som ikkje smakar noko særlig, men som det heller ikkje er noko direkte feil med.
SV kom til årets julebordforhandlingar med eitt viktig krav: I år skal det i alle fall ikkje vere lapskaus. Likevel godtok SV lapskaus, men dei har signalisert at dei kjem til å himle med auga og skjere grimasar under måltidet, bruke mykje peppar, og etterpå skulde på finanskrisa.

SV stilte dessutan som krav for å godta lapskausen at Hallgeir Langeland får lov til å underhalde med vitsar om rikfolk etter middagen. Dette gjekk Arbeidarpartiet med på, så lenge Arbeidarpartiets representantar slepp å høyre etter når Langeland fortel vitsane sine. Dette var ikkje noko problem for Langeland, sidan han likevel ikkje fortel vitsar for å blidgjere makta.

Vitsane til Langeland var derimot eit problem for Senterpartiet, som først godtok lapskausen etter å ha forsikra seg grundig om at det ikkje finst eit europeisk lapskausdirektiv. Senterpartiet ønskte opprinnelig sjølv å stå for underhaldninga etter middagen, og foreslo at Per Olaf Lundteigen skulle takke alvorlig og bekymra for maten. Dette var greitt for Arbeidarpartiet så lenge han gjorde det på eit eige rom. Dette var ikkje noko problem for Senterpartiet så lenge det var deira eige rom.

Arbeidarpartiet minna så om at alle som valde å høyre på enten Lundteigen eller Langeland, ville gå glipp av Jonas Gahr Støres høgtlesing frå den nye boka si. Dette ville sjølvsagt ingen, så konklusjonen blei at SV og Senterpartiet gjekk med på alt Arbeidarpartiet foreslo så lenge dei fekk lov til å vere litt småsure i eit kvarters tid.

DANS!
I desse finanskrisetider tek deg seg ikkje ut å danse. I staden vil det, etter forslag frå Arbeidarpartiet, bli spasering etter maten. Det vil då bli spasert fram og tilbake over eit golv medan Jonas Gahr Støre les høgt frå den nye boka si. Senterpartiet ville eigentlig ha springar, men gjekk med på å i staden spasere litt fort. SV ville eigentlig bruke ein interessant afrikansk perkusjonist, men måtte droppe dette sidan perkusjonisten av miljøomsyn må gå frå Afrika og derfor neppe kom til å rekke fram før neste års julebord. Og neste år er det som kjent Frp som sitt i regjering, og der vil perkusjonisten neppe vere velkommen.

God jul, alle saman. Dette blir gøy!

Koz, festkomiteen.

Are Kalvø - 15.11.2008