Fordoms-lønn

Det blir bråk kvar gong. Så det er like greitt å finne eit nytt system med det same.

Stortingsrepresentantar skal også ha lønn. Det greiaste var sjølvsagt om dei kunne la det vere. For det blir berre bråk og krangling av slikt. Alltid. I år var det SV som meinte at politikarane ikkje bør få lønnsauke, og Carl I. Hagen og Inge Lønning svarte med å seie at dersom SV meiner det, så får dei heller la vere å ta imot desse pengane. Viss SV-arar er så lite opptatte av pengar som dei påstår, så får dei klare seg utan.

Det er noko forfriskande over dette. Dei fleste har sansen for tanken om at folk skal leve som dei lærer. Derfor: Om ein no skal finne eit nytt prinsipp for fastsetting av politikarlønn, så er vel Lønning og Hagens prinsipp eit prinsipp så godt som noko: At stortingsrepresentantar skal lønnast på ein måte som står i stil med klisjeane og fordommane om partiet dei representerer.

Ein hurtigarbeidande og heller underbetalt komité har med dette utgangspunktet komme fram til følgjande forslag til nytt system for fastsetting av lønn for politikarar:

Politikarar som representerer SV vil få lite i lønn og det vil bli forventa at dei skal dele denne lønna med folk som har endå mindre i lønn. Den delen av lønna som ikkje blir delt med folk som har endå mindre i lønn, vil bli utbetalt på følgjande måte: Den eine halvparten blir utbetalt i fadderbarn og CO2-kvotar. Den andre halvparten blir utbetalt i bongar som berre kan nyttast i butikkar som fører Fairtrade-merkte varer, eller til kjøp av brukskunst under reiser i utviklingsland.

Politikarar som representerer Senterpartiet får ikkje lønn, dei får overføringar, og desse får dei berre utbetalt dersom dei flyttar kontora sine ut av Oslo, til kontor som dei har overtatt etter sine eigne fedrar og som dei lover å overlate til sine førstefødte etter bruk. Kontora har driveplikt. All lønn bortfell ved feriar til Europa.

Politikarar som representerer Frp får mesteparten av lønna utbetalt i sprit og bensin, og må hente lønna sjølv i Sverige eller Spania. Resten av lønna må Frp-politikarane gi vekk for å betale for skattelette til folk flest.

Politikarar som representerer KrF får lønn i himmelen.

Politikarar som representerer Venstre vil berre få utbetalt små og mellomstore lønningar. Venstrepolitikarane skal ein gong i månaden hente lønna, ombestemme seg, levere lønna tilbake, ombestemme seg, hente lønna, ombestemme seg, levere lønna tilbake, ombestemme seg osv.

Politikarar som representerer Høgre får resultatlønn. Dersom dei ikkje blir Norges største parti etter neste val, har dei ikkje levert godt nok, og må klare seg utan lønn dei neste fire åra.

Politikarar som representerer Arbeiderpartiet får ikkje lønn. Dei får lov til å styre landet. Det får vere nok.

Are Kalvø - 06.12.2008