Det du ikkje rakk

Det er førjulstid. Det regnar friskt, køane veks, folk er fullare enn nokon gong, og butikkar fell som fluger på grunn av finanskrisa. Men førjulstida har også sine negative sider.

Det verste med førjulstida er alle årsoppsummeringane og kåringane. Som naturlig nok kjem heilt på slutten av året, og minner deg om at du ser ut til å ha gått glipp av det meste i år igjen. Du har ikkje lese det du skulle ha lese, det du burde ha lese eller det alle andre har lese, og du har ikkje fått med deg den nye musikken. I år heller. Eg vil ikkje at du skal kjenne det slik mot slutten av året. Eg er ein grei kar. Eg vil at du i det minste skal vite litt om kva du har gått glipp av. Derfor skal du no få nokre av gjengangarane frå årets kåringar, i kortversjon.

Først: Her er nokre av årets viktigaste, mest omtalte og/eller mest populære bøker, med handlingsreferat:

Mia Gundersen & Hege Storhaug: Jeg er Mia
Handling: Mia Gundersen er Mia Gundersen.

Ingar Sletten Kolloen: Snåsamannen
Handling: Ein mann gjer sjuke folk friske.

Lars Saabye Christensen: Bisettelsen
Handling: Han eine frå ”Beatles” dør.

Per Petterson: Jeg forbanner tidens elv
Handling: Ein mann skal skiljast.

Jo Nesbø: Hodejegerne
Handling: Ein hovudjeger rotar det veldig til for seg sjølv.

Og her er ein del av barnebøkene du ikkje rakk å lese i år: Trøtte Turid, Tøffe Terje, Nesten Nils, Feite Frode, Grøne Geir, Sjuke Jeanette, Døde Doris møter Trøtte Turid, Seigliva Selma møter Pulverhøna, Pulverhøna og Teite Tarik drar til sjøs.

Musikk! Her er nokre av dei norske platene og songane som går igjen i årsoppsummeringane. Med korte skildringar av kvifor du skal like dette:

The BlackSheeps: Oro Jaska Beana
Kvifor du skal like denne: Fordi det er ein Melodi Grand Prix Junior-vinnar som kunne ha vore laga på den tida då anmeldarane var unge. Og fordi du skal vere uvanlig sur for å ikkje bli i godt humør av dette.

Odd Nordstoga: Pilegrim
Kvifor du skal like denne: Fordi du alltid har likt Nordstoga, sjølvsagt, men synest det er litt pinlig å like musikk som blir spelt såpass mykje i distrikts-Norge, og derfor sett pris på at han denne gongen har laga ei plate som det er litt vanskeligare å synge og danse til.

Madrugada: Madrugada
Kvifor du skal like denne: Fordi det er den siste sjansen.

Marit Larsen: The Chase
Kvifor du skal like denne: Fordi det ser ut som om ho sett veldig pris på at folk liker det ho driv med.

Og her er nokre barneplater du ikkje rakk å høyre i år: Sørgmodige Selma og Artige Ali syng songar om hundar og stein, Pulverhøna spiser middag, Tøysete Truls 2, Fjasete Fanny 3, Artige Ali og Fjasete Fanny møter Pulverhøna og får stein.

God jul. Slapp av no.

Are Kalvø - 20.12.2008