Ein sjef vi kan leve med

La oss heller snakke om det norske fotballandslaget.

Kanskje har du blitt distrahert av alle dei andre nyheitene, om Eli Hagen og juks i Melodi Grand Prix Junior og slikt, og derfor ikkje fått med deg utviklinga i jakta på ny trenar for det norske fotballandslaget. Derfor:

Dette har skjedd:
Fotballforbundet bad om råd frå ein del folk som likevel ikkje kjem til å bli landslagstrenarar med dei første. Etter det bestemte seg dei for å spørje Ståle Solbakken.

Fotballforbundets Karen Espelund ringde så til FC København og spurde om ho kunne få snakke med Ståle Solbakken. Ho forstod ikkje svaret, sidan det var på dansk.

Litt seinare ringde fotballforbundets Sondre Kåfjord til fotballforbundets Karen Espelund og spurde om ho hadde fått tak i Ståle Solbakken. Espelund trudde det var dansken frå FC København som ringde tilbake, forstod heller ikkje denne gongen svaret, og la på.

Så ringde Drillo til fotballforbundet og sa at dersom det var slik at dei hadde problem med å få tak i Solbakken, så kunne Drillo godt ta på seg å vikariere så lenge.

Fotballforbundet ringde så direkte til Ståle Solbakken, som fortalde at han ikkje var ledig no, og at denne beskjeden skal ha blitt overlevert på dansk av ein representant for klubben i ein tidligare samtale med forbundet.

Så ringde Drillo til fotballforbundet for å fortelje at dersom det var slik at dei måtte vente litt på Solbakken, så kunne han godt ta på seg å vikariere så lenge. Berre gi meg eit kvarter, sa Drillo, eg må finne støvlane først.

Så ringde Nils Arne Eggen for å fortelje at dersom det no skulle vere eit slikt mas, så kunne han godt ta på seg å vikariere medan Drillo leita etter støvlane sine.

Så prøvde fotballforbundet å ringe både Jan Jönsson og Trond Sollied, men ingen av dei var å få tak i fordi dei begge var opptatte i telefonar med journalistar som lurte på om dei hadde blitt kontakta av fotballforbundet.

Så tenkte fotballforbundet å ringe Drillo for å spørje om han hadde funne støvlane sine, men blei avbrotne av journalistar som ringde for å spørje kvifor forbundet ikkje hadde ringt til Trond Sollied.

Så reiste alle til England for å spørje Ole Gunnar Solskjær om han hadde telefonnummeret til Roy Hodgson.

Medan dei var der, ringde Drillo for å fortelje at han hadde funne støvlane sine og at han var klar til å vikariere dersom det var slik at det tok tid å finne nummeret til Hodgson.

Så reiste fotballforbundets folk heim att, prøvde å skaffe seg oversikt over kven dei hadde og ikkje hadde spurt, kvifor, korleis og om kva, alt medan Drillo sto utanfor og hamra på døra.

Til slutt gav dei opp og ringde Snåsamannen.

Are Kalvø - 10.01.2009