Det blir tøft, men vi skal klare det

Vil vi klare oss utan? Vil det gå? Er det håp?

Den siste veka har det vore kaotiske tilstandar på Snåsa Hotell, dit nordmenn har reist for å bli tatt på av Snåsamannen før det er for seint. Snåsamannen har trua med å gi seg og halde dei varme hendene for seg sjølv.

No har styresmaktene endelig innsett alvoret og bestemt seg for å sette i verk tiltak for å redusere folks bruk av Snåsamannen.
- Det er skremmande å sjå kor mange som har blitt avhengige av Snåsamannen på kort tid, seier ein talsmann.

Regjeringa har no sett ned eit utval som skal sjå på tiltak for å begrense folks Snåsamann-bruk.

- Det viktigaste no er å hindre at unge folk begynner med Snåsamannen, seier talsmannen, som hevdar han har høyrt historier om at ungdom heilt ned i tolv-trettenårsalderen har kjøpt boka om Snåsamannen.

- Det er skremmande. Ein må spørje seg kva slags forbilde desse ungdommane har. Her har foreldra eit klart ansvar. Men det er klart at dette også er eit spørsmål om tilgjengeligheit. Både Snåsamannen og boka om han har vore altfor lette å få tak i, og ingen har spurt ungdommane om legitimasjon.

Talsmannen meiner dette er noko ein må ta tak i no, også med tanke på konsekvensane:
-Snåsamannen kan verke uskyldig nok, men vi kjenner fleire eksempel på ungdommar som har begynt med Snåsamannen tidlig, og som seinare har begynt å tru på healing og – i ekstreme tilfelle – Gud.

Mange av forslaga til utvalet kjem til å dreie seg om nettopp tilgjengeligheit.
- I dag får du kjøpt boka nær sagt overalt. Vi må sjå på tiltak i så måte. Boka bør for eksempel ikkje vere mulig å få tak i på kioskar og bensinstasjonar og liknande plassar som også er opne på kvelds- og nattestid og på søndagar.

Etter det vi har grunn til å tru, kjem utvalet til å foreslå at boka om Snåsamannen berre skal vere tilgjengelig på vanlige bokhandlar, og at boka heller ikkje skal vere synlig i butikkane.

Bransjen reagerer og meiner at dette ikkje handlar om tilgjengeligheit.
-Dei som vil ha Snåsamannen, vil få tak i Snåsamannen, heiter det i ei pressemelding frå Kioskeiernes Landsforening.

Det vil også bli sett i verk tiltak for å avgrense samtalane om Snåsamannen på offentlige plassar og serveringsstader.

-Eg trur det går mot eit totalforbod for eksempel på bussar og tog og offentlige kontor. Når det gjeld serveringsplassar, der vi veit at det blir snakka mykje om Snåsamannen, diskuterer vi fleire alternativ. Kanskje blir det i ein overgansgfase snakk om Snåsafrie sonar, men målet er heilt klart eit forbod mot å utveksle historier om Snåsamannen inne på serveringsplassane. Målet med dette er å i alle fall redusere omfanget av passiv Snåsamann-bruk så mykje som mulig.

-Dette handlar berre om å vise omsyn. Eg synest ikkje det er for mykje å be om at folk går ut viss dei skal snakke om Snåsamannen.

Snåsamannen var i går ikkje tilgjengelig for kommentarar. Så vi veit eigentlig ingenting.

Are Kalvø - 17.01.2009