Plaster på sorry

DENNE gongen må det fungere, vel!

Regjeringa måtte denne veka trekke forslaget om hijab til politiuniforma, eit forslag som kunne fungert som eit plaster på såret til dei religiøse etter at regjeringa for ikkje så lenge sidan måtte trekke forslaget om eit lovforbod mot angrep på religionar, eit forslag som kunne fungert som eit plaster på såret til dei religiøse etter at regjeringa gjekk inn for å avskaffe blasfemiparagrafen. Samtidig fekk ikkje regjeringa så mykje merksemd som dei hadde håpa for at dei denne veka faktisk gav dei religiøse eit plaster på såret ved å gå inn for at organisasjonar kan få statsstøtte sjølv om dei diskriminerer, så lenge dei diskriminerer på ein religiøs måte.

Sidan alle desse forsøka på plaster på sår til dei religiøse har gått skeis, har regjeringa no sett ned eit utval som skal utarbeide eit forslag som skal fungere som eit plaster på såret etter alle forslaga som kunne fungert som plaster på såret for tidligare forslag.

Det nye forslaget skal vise at regjeringa verkelig meiner alvor i sine forsøk på å gjere absolutt alle til lags, samtidig.

Utvalet har komme med følgjande forslag:

”Regjeringa går inn for ei ny lov som opnar for at einskildpersonar, grupper og trussamfunn på religiøst grunnlag kan be om positiv særbehandling på så godt som alle område i samfunnet unntatt ting som gjeld ytringsfridom eller politiuniformer. Dei religiøse vil normalt ikkje få slik særbehandling, sidan det viser seg at det ofte blir bråk av slikt, og regjeringa har vedtatt at dei ikkje skal ha meir bråk no før valet. Regjeringa vil i staden – som eit plaster på såret for at dei religiøse ikkje får positiv særbehandling – gå inn for at religiøse skal ha lov til å definere diskriminering annleis enn ikkje-religiøse. Religiøse skal etter regjeringas forslag ha lov til å kjenne seg diskriminerte dersom dei ikkje får positiv særbehandling. Altså skal religiøse ha ein eigen eksklusiv rett til å kjenne seg diskriminerte dersom dei blir behandla som andre. Ingen andre har denne retten i vårt samfunn. Dessutan skal dei religiøse framleis ha lov til å diskriminere sjølv, så lenge dei diskriminerer på ein religiøs måte. Regjeringspartia håper dette forslaget skal fungere som eit plaster på såret til folk som kan komme til å stemme på dei, og at andre folk som også stemmer på dei ikkje blir så veldig sinte. Regjeringa håper vidare at dette forslaget er såpass ullent og utan praktisk tyding og såpass kronglete formulert at ingen orkar å lese det grundig nok til å forstå kva det faktisk tyder.”

Regjeringa vil legge fram dette forslaget, plutselig og uventa, også for dei fleste i regjeringa, under ein improvisert pressekonferanse når du minst ventar det. Umiddelbart etter pressekonferansen vil regjeringa kritisere seg sjølv, trekke forslaget tilbake, foreslå å utsette spørsmålet til etter valet og så ombestemme seg.

Utvalet vurderte også eit forslag om å behandle alle likt uansett om dei trur på noko eller ikkje. Dette forslaget blei nedstemt og karakterisert som ”noko lettvint”.

Are Kalvø - 20.02.2009