Eit rop om hjälp

Ope brev til kronprinsesse Victoria av Sverige.

Kjære Victoria/Vyrde prinsesse/Hej hej hämskt mycket hej.

Eg skriv til deg, Victoria, på vegner av oss som bur i Norge, fordi vi treng di hjelp. Etter Skavlans suksess der borte har vi fått trua på at de svenskar kanskje høyrer på oss. Av og til, i alle fall. Eg håper det, for du er den som kan redde oss no.

Vi synest det er veldig hyggelig at du har funne kjærleiken. Og han treningsstudiofyren verkar skikkelig grei, men likevel: Trur du at du kan avlyse bryllupet?

For vår skuld?

Ver så snill?

Eller i det minste utsette det? I ein tjue-tretti års tid?

Du forstår, vi taklar ikkje dette akkurat no. Med ein gong nyheita om trulovinga kom, så begynte debatten her i Norge også om kongelige som giftar seg med vanlige folk. I fleire norske radio- og tv-program denne veka diskuterte folk monarkiets framtid.

Og den debatten har vi vore gjennom nokre gonger før. Eg trur rett og slett ikkje at vi orkar den debatten ein gong til. Og debatten, Victoria, den let seg dessverre ikkje stoppe med mindre du avlyser heile greia. For det er så mange i Norge som ikkje har noko anna å drive med enn å meine noko om alt som har med kongelige å gjere. Du har kanskje høyrt om denne Grimstad som Ari Behns vendetta dreidde seg om? Vi trudde verkelig at det var over etter den Ari-veka, Victoria. Vi trudde han hadde gitt seg. Men neidå. I staden har han fått eit heilt nytt land å ta for seg. Han har begynt på nytt, Victoria! Og så er det ein fyr som heiter Kjell Arne, ein vaksen mann som snakkar om prinsar og prinsesser og jobbar i Se & Hør, men som likevel blir tatt alvorlig. Han har også begynt å dukke opp igjen på radio og TV.

Ærlig talt, Victoria: Vi har ikkje fortent dette.

Og vi har nok av andre gamle debattar å bale med. Nesten alle debattane kjem tilbake. Gong etter gong. Vi blir aldri kvitt dei! Og dei er heilt like kvar gong. Akkurat no driv vi og diskuterer innvandring og slikt igjen, på den vanlige måten. De har sikkert hatt debatten der borte også, Victoria. Den som er slik at uansett kva du meiner så er du enten på parti med rasistar eller kvinnefiendtlige mørkemenn.

Vi ønsker berre å komme oss vidare, Victoria. Legge dei gamle debattane bak oss og sjå framover. Oppdage nye ting. Snakke om noko vi aldri har snakka om før, på måtar ingen har tenkt på. Nyte livet. Vi har lyst til at framtida skal begynne no. Vi har høyrt så mykje fint om den. Vi vil dit.

Men det går så sakte. Og vi kjem aldri til å komme oss vidare viss dei same gamle debattane berre kjem tilbake igjen og igjen og igjen og igjen. På nøyaktig den same måten. Med nøyaktig dei same folka.

Vi kjem oss ikkje vidare!!!!

Du må hjelpe oss, Victoria. Ver så snill. Den same gamle innvandringsdebatten må vi nok gjennom. Men monarkidebatten kan vi stoppe. Du kan stoppe den.

Du kan godt få pengar, om det er det om å gjere. Pengar har vi nok av. Berre gi beskjed.

På førehand takk.

Koz,
Norge.

Are Kalvø - 28.02.2009